Hjem
Det juridiske fakultet
GOVLAND

Innføring og endring av byggjegrenser mot sjø, og krav til sakshandsaminga

I samband med plan- og bygningslova av 2008 vart det innført nye reglar om byggjegrense som vilkår for oppføring av tiltak i 100-metersbeltet langs sjøen. Professor Ingunn Myklebust er intervjua i Kvinnheringen.

Kyst.
Ingunn Myklebust diskuterer om tilhøva stundom kan vere slik at endringar i planstatus bør varslast grunneigarar direkte ved individuelle brev
Foto/ill.:
Colourbox.

Hovedinnhold

I samband med plan- og bygningslova av 2008 vart det innført nye reglar om byggjegrense som vilkår for oppføring av tiltak i 100-metersbeltet langs sjøen. Ved eit pennestrøk vart difor eldre reguleringsplanar som opna for utbygging i strandsona sett til side, og det vart behov for ny kommune- eller reguleringsplan med byggjegrense for å få kunne få muligheit til å oppføre tiltak her.

Ei særleg utfordring er at endringar av kommuneplan, som det normale utgangspunktet ikkje blir varsla grunneigarar ved individuelle brev, og at ein slik endring i lov og planstatus kunne kome brått på grunneigarar, eller andre rettshavarar.

I dette intervjuet diskuterer Myklebust om tilhøva stundom kan vere slik at endringar i planstatus bør varslast grunneigarar direkte ved individuelle brev, og kva det eventuelt kan ha å seie for høve til plangrunnlaget og framtidig bygging at slikt varsel ikkje har blitt gitt.

Ettersom det normale utgangspunktet er at det ikkje skal oppførast tiltak i strandsona, kan det nok ofte vere slik at mangel på deltaking i saksprosessen ikkje har hatt innverknad på arealplanen sitt innhald, sjølv om kommunen bør leggje opp til breie diskusjonar, der alle partar vert høyrt i saka.