Hjem
Lektorsenteret
Nyhet

Velkomstveke på lektorsenteret

For første gong vart det arrangert eit felles velkomst- og informasjonsmøte for alle studentane på dei fem ulike lektorprogramma til UiB.

Neste
Fullsett sal med nye studentar
Lektorsetudentar frå alle ferm lektorprogram møtte i Egget 14. august.
Foto/ill.:
Eivind Senneset
1/6
Prorektor i lakserosa kjole taler til studentane
Prorektor, Pinar Heggernes, ønska dei nye lektorstudentane velkommen.
Foto/ill.:
Eivind Senneset
2/6
Student i svart t-skjorte taler til studentar
Masterstudent, Emilie Kampen Kolberg, kunne gi nokre råd for den komande studietida.
Foto/ill.:
Eivind Senneset
3/6
Man snakkar til studentar
Senterleiar, Endre Brunstad, fortalte bl.a. om "styre og stell" i lektorutdanninga, då mentorgruppene besøkte lektorsenteret.
Foto/ill.:
Aud Irene Mehammer
4/6
Student snakkar til studentar
Alexander Rabben Mohr fortalte om FIL sitt arbeid.
Foto/ill.:
Aud Irene Mehammer
5/6
Mange ulike fleirfarga postit-lappar hengt opp på glasvegg
Skriv tre punkt: Kva ser du fram til som lektorstudent?
Foto/ill.:
Aud Irene Mehammer
6/6
Tilbake

Hovedinnhold

Felles velkomst- og informasjonsmøte

Om lag 150 lektorstudentar hadde funne vegen til møtet som vart arrangert i Egget og det var prorektor og leiar for styringsgruppa for lektorutdanninga, Pinar Heggernes, som ønska dei  nye studentane velkommen.

Lektorutdanninga er viktig både som samfunnsoppdrag og for UiB, sa prorektor til  dei nye studentane. Ho påpeika også at lektorstudentane ved UiB er kjende for å ha eit godt samhald og ho oppfordra studentane til å engasjere seg i ulike verv, oppgåver og fagutval i løpet av studietida.

Leiar for lektorsenteret, Endre Brunstad, kunne i sin velkomsttale bl.a. love at UiB skal gjere sitt beste for at dei nye studentane skal trivast gjennom utdanningsløpet.

No startar ein ny periode i livet, sa masterstudent, Emilie Kampen Kolberg, i sin tale til dei ferske lektorstudentane.  Ho poengterte at ein ikkje var aleine i den nye studiekvardagen og at dette måtte dei hugse på når kvardagen kome med sine opp- og nedturar. Ho oppfordra studentane til å engasjere seg, oppsøke rettleiing, bruke medstudentane sine og ha fokus på notida, då tida går så alt for fort.

I informasjonsdelen av møtet fekk studentane orientering om pedagogikk og praksis i lektorutdanninga. Allereie om få veker skal dei ut i sin første praksisperiode.

Mentorgrupper til lektorsenteret

Dei to neste dagane etter velkomsten tok lektorsenteret i mot besøk av mentorgrupper frå lektorutdanninga og PPU-grupper. Her fekk studentane vite meir om senteret si rolle i lektorutdanninga. I tillegg fortalte fagutvalet for lektorutdanninga (FIL) om sitt faglege og sosiale arbeid og oppfordra studentane til å møte på arrangementa deira.

Besøka blei avslutta ved at kvar enkelt student skulle skrive ned tre punkt om kva dei såg fram til som lektorstudent og alle lappane vart hengt opp. Lektorsenteret vil samle og lese alle lappane, og notere seg hovudtrekka som kom fram.