Hjem
Lektorsenteret
Lektorsenteret

Redesign av lektorutdanninga

Lektorutdanninga ved UiB går gjennom eit redesignarbeid. Å redesigne ei utdanning vil seie at utforminga av studieprogrammet skal reviderast. Det handlar på den eine sida om rekkjefølgja av undervisningsemne og praksis i lektorutdanninga. I tillegg handlar det om kva slags læringsutbytte som lektorutdanninga skal gi for studentane.

Hovedinnhold

Bakgrunn og mandat
Bakgrunnen for redesignarbeidet er eit vedtak som styringsgruppa for lektorutdanning ved UiB vedtok 16. april 2021, nemleg om å setje i gang «ein prosess for å redesigna lektorutdanninga ved UiB». Målet med er arbeidet er definert på denne måten: «Dei overordna måla må vera å få til ei betre innplassering av praksis og å styrkja samanhengen mellom praksis og undervisninga i disiplinfag, didaktikk og pedagogikk.”

Det er poengtert at redesignarbeidet skal organiserast som eit prosjekt. Den som har ansvaret for prosjektet, skal rapportere til styringsgruppa, og ha nær kontakt med lektorutdanningsprogramma. Det er presisert at redesignarbeidet skal sjåast i samanheng med etableringa av lektorsenteret ved UiB.

Modell for arbeidet
Arbeidet med å redesigne lektorprogramma følgjer malen for redesignarbeid ved UiB, slik det er definert i UiBs kvalitetssystem for utdanning. UiB har laga ein modell for heilskapleg utvikling og redesign av studieprogram, og arbeidet følgjer denne modellen (jf. figuren).

Illustrasjon over redesignmodell for utvikling av studieprogram.
Photo:
Lektorsenteret

Tidsplan for Redesign-arbeidet
I denne oversikta vil du finne ein tentativ tidsplan for arbeidet med å redesigne lektorutdanningsprogramma ved UiB. Det som er gjort, er formulert i normal skrift. Det som skal gjerast, er formulert i kursiv.

2021

Våren 2021: Vedtaksgrunnlag

  • - Vedtak i styringsgruppa for lektorutdanning 16. april 2021
  • - Vedtak i universitetsstyret om organisering av lektorutdanninga ved UiB, 17. juni 2021
     

Hausten 2021: Etablering av prosjektorganisasjon

  • - Tolking av mandat og problemgrunnlag
  • - Prosjektleiar og prosjektorganisasjon blir etablert og presentert i styringsgruppa 1. september. Orientering ved alle styringsgruppemøte
  • - Læringslaben blir involvert
  • - Emne for programrådsmøte 6. oktober, 4. oktober og 15. november: seminardel 15. november
  • - Presentasjonar ved lektorutdanningsutvalsmøte
  • - Presentasjon for eksterne fagfellar ved lektorutdanninga, 9. november
  • - Presentasjon ved allmøte, 12. november
  • - Presentasjon ved dekanmøte, 22. november
  • - Tematisering ved NOKUT-institusjonsbesøk 25.–26. november
  • - To planlagde seminar måtte dessverre avlysast pga. smittevernsituasjonen
     

2022

Våren 2022: Formulering av læringsutbytte og skisser til programkart

  • Løpande tema i møte i programrådet for lektorutdanning
  • Løpande tema i praksisutvalet: konkrete spørsmål til utvalet
  • Digitalt seminar primært for disiplinfaga 19. januar. Oppfølging med oppgåve: formulere læringsutbytte innan 26. april.
  • Etablering av nettside med løpande informasjon om prosessen
  • Gruppearbeid ved lektorutdanningskonferansen 17. februar
  • 2-dagars arbeidsseminar for studentar 21.–22. april
  • Heildagsseminar primært for disiplinfag og programråd 2. mai: læringsutbytte + programkart
  • Statusrapport og førebelse tilrådingar for styringsgruppa 9. juni

 

Hausten 2022: Læringsutbyttebeskrivingar og ny modfell for lektorutdanninga

Mål: Formulera læringsutbytte for kvart lektorutdanningsprogram og vedta modell for lektorutdanninga

  • Oppnevning av prosjektgruppe for redesign av lektorutdanninga (møte 31.8., 14.9., 28.9. og 17.10.)
  • Løpande tema i programstyret, styringsgruppa, praksisutvalet og LUA.
  • Læringsutbyttebeskrivingar skal formulerast innan 1. oktober.
  • Konsekvensutgreiing og utarbeiding av forslag til modell for lektorutdanninga. Herunder innspelsmøte om løysningar for praksis.
  • Innspelsrunde i perioden 24.10.- 21.11. om framlegg til modell for lektorutdanninga ved UiB. Allmøte ved oppstart av innspelsrunden.
  • Tema i møte med eksterne fagfellar 2. november.
  • Første handsaming av modell for lektorutdanninga i styringsgruppa 15. desember. Endeleg vedtak utsett til 15.02.23. Høyringsrunde med fakulteta. 


 

2023

Våren 2023: Vedtak og arbeid med ny modell, justering av tidsplan, emneutvikling i fagmiljøa

Mål: Avklaringar knytt til modell, emneutvikling i fagmiljøa, fokus på heilskap i profesjonsfag og praksisordning.

  • Ny handsaming i styringsgruppa 15. februar. Vedtak av modell.
  • Emneutvikling i fagmiljøa: tilpasning av emneporteføljen for fagdidaktikk, pedagogikk, disiplinfag og praksis til dei vedtatte endringane i ny modell for lektorutdanninga. Dette arbeidet strekkjer seg til hausten 2023.
  • Løpande tema i programstyret, styringsgruppa, praksisutvalet og LUA
  • Utvikling av praksisordninga med arbeidsoppgåver til praksisutvalet  
  • Arbeid med programkartet i redesignprosessen (Curriculum mapping)
  • Seminar om profesjonsfag juni 2023 

 

Hausten 2023: Utvikling og ferdigstilling av emne, studieplanar og praksisordning

Mål: Utvikling og ferdigstilling av emne og studieplanar, handsaming på institutt og programleiing

  • 5. september: seminar om progresjon i praksis og profesjonsfag i ny modell
  • Utgreiing av overgangsordningar for perioden med både gammal og ny modell (haust 2024–vår 2028).
  • Oppdatere tekstar til studentrekruttering, planleggje rekrutteringskampanjer.
  • 1. november: frist for utvikling av profesjonsfagemne, praksis og disiplinfagemne.
  • 1. desember: frist for vedtak ved institutt/lokal programleiing om emneplanar og studieplanar.
  • 1. desember: frist for innsending av studieplaner til handsaming i felles programstyre.

 

2024

Våren 2024: Formelle vedtak og implementering av nytt studiedesign

Mål: Førebu organisasjonen på nytt design av lektorutdanning

  • Handsaming av studieplanar for lektorprogramma i felles programstyre januar 2024 
  • Handsaming av nye studieplanar i fakultetsstyra, evt delegerte organ, februar–mars 2024 
  • Orientering i utdanningsutvalget  
  • Publisering av vedtatte studieplanar innan 1. april (fakulteta)
  • Utlysing og rekrutteringsarbeid 
  • Førebuing av haustsemesteret med opptak og undervisning etter nye studieplanar

 

Hausten 2024: Implementering

Mål: Nye lektorstudentar startar med nye studieplana

  • Nye studentar startar etter ny studieplan.