Hjem
Lektorsenteret
Redesign

Innspelsrunde for redesign av lektorutdanninga ved UiB

Lektorutdanninga til UiB skal redesignast for å skape ei betre innpassing av praksis og eit meir heilskapleg studieløp. Det er utarbeidd ein rapport med framlegg til modellar, som no skal gjennom ein innspelsrunde før vidare handsaming. Innspelsrunden har frist 21. november.

Hovedinnhold

Lektorutdanninga er eit satsingsfelt ved UiB og ei utdanning som har vore i vekst dei siste åra. I mars 2022 vart Lektorsenteret offisielt opna, med eit tydeleg mandat om å sørge for ei betre koordinering av lektorutdanninga ved UiB. Det er også stor nasjonal merksemd om lektorutdanninga, og seinast 20. oktober i år lanserte NOKUT ei nasjonal evaluering av lektorutdanningane for trinn 8-13 i Noreg.

Redesign-arbeidet er ein del av UiB si satsing på kvalitetsauke i lektorutdanninga og målet er  ei ny og betre lektorutdanning frå studentopptaket hausten 2024. Å gjere endringar i ei tverrfakultær utdanning med integrert skulepraksis og profesjonsfag (didaktikk og pedagogikk) er omfattande og tek tid. Det er viktig at løysingane vert så gode som mogleg og at ein skapar ei varig betring som kjem studentane og utdanninga til gode.

Vi ønskjer difor ein brei innspelsrunde og innspel frå representantar frå alle involverte partar: studentane i lektorutdanninga, program­­leiinga på lektorprogramma, fakultet, institutt, dei ulike involverte fagmiljøa, studieadministrativt tilsette, skuleeigarar/skulane og ulike organ og utval tilknytt lektorutdanninga.

I rapporten sitt kapittel 4 er det sett opp nokre konkrete spørsmål som vi ønskjer innspel på. Ein kan kommentere på alle innspelsspørsmåla eller på dei ein finn mest aktuelle.

Innspel kan sendast inn frå enkeltperson(ar) eller frå miljø/organ/utval/eining.

Relevante dokument: