Hjem
Lektorsenteret
Konferanse

Lektorutdanningskonferansen ved UiB 2026

Årets lektorutdanningskonferanse 2026 går av stabelen 17.-18. februar på Solstrand Hotel & Bad. Det overordna temaet for konferansen: Kunnskap og kritisk tenking i skolen.

Tre studenter i botanisk hage
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

UiB sin lektorutdanningsonferanse er etablert som ein tradisjon, og utgjer ein viktig møteplass og erfaringsarena for dei ulike miljøa som er knytt til lektorutdanninga – både kampusmiljø og praksisfeltet, både vitskapleg tilsette og studieadministrativt tilsette, både fagdidaktikarar og pedagogar, og også representantar frå studentane, disiplinfaglege miljø etc.

Dag 1

Bolk 1: Kritisk tenking i ei postfaktuell verd

Eit utbreidd perspektiv på samtida er at ho er postfaktuell, kor eitt av kjenneteikna er at samfunnsdebattar i aukande grad lausriv seg frå fakta og felles målestokkar for objektivitet. Samfunnet står då att med uthola normer for offentleg debatt der kvar einskild sit med «sine» fakta og gyldigheitskrav. I fleire land vert denne utviklinga forsterka og utnytta av politiske rørsler med interesse i å fragmentere offentlegheita og undergrave moglegheiter for semje om sanning. På denne bakgrunnen får skulen si rolle i å fremje demokrati fornya tyding.

I denne sesjonen vil vi rette merksemda mot kritisk tenking og spør: Kva er kritisk tenking og korleis kan det sjå ut i undervisninga? Korleis kan skulen formidle til elevar at dei må tenkje sjølve og innordne seg felles krav til saklegheit og gyldigheit?

Bolk 2: Trygg nok til å vere kritisk – om føresetnadene for meiningsbryting og kritisk tenking i klasserommet

Fri meiningsdanning og argument som vert brynte mot kvarandre høyrer til grunnmuren i demokratiet. Samstundes vert det rapportert om at fleire unge kvir seg for å ytre eigne meiningar. Dette gjeld også i klasserommet, og ein slik tendens vil kunne leggje lokk på viktige lærings- og danningsprosessar. Kva kjenneteiknar så eit klasserom som er trygt nok til at også vanskelege og kontroversielle tema kan verte utforska og diskuterte?   

I denne sesjonen spør vi kva føresetnader som må liggje til grunn for at undervisning kan fremje elevars evner til konstruktiv meiningsbryting og kritisk tenking.

Dag 2

Bolk 3: Kritisk diskusjon om lærarens kunnskapsgrunnlag

Kva kunnskap bør lærarar ha? Finst det kunnskap som er meir «verksam» i praksis enn anna – og kvar kjem han i så fall ifrå? Er lærarprofesjonen der legeprofesjonen var for 100 år sidan, og står slik føre ei storstilt vitskapleggjering av praksis? Men kva inneber eigentleg det, og er det ynskjeleg?

Slike spørsmål handlar om kunnskapsgrunnlaget i læraryrket, samstundes som dei også famnar nærskylde spørsmål om fagleg identitet og kva normer og ideal yrkesutøving bør baserast på. Dette er grunnleggjande spørsmål som jamleg bør diskuterast i lærarutdanninga og lærarprofesjonen, men diskusjonen vert ofte prega av ei noko karikert innramming der «evidensbasert praksis» står mot «bruk av skjønn». Lektorutdanningskonferansen ynskjer i staden å leggje til rette for ei nyansert samtale, utan å underslå reell usemje. 

PROGRAM