Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Hannaas-førelesinga

Kvart år arrangerer LLE "Hannaas-førelesinga", der instituttet inviterer framståande forskarar frå andre lærestader i inn- og utland til å førelese om tema frå nordistikken. Førelesinga blir halden den 18. oktober eller ein arbeidsdag nær denne datoen.

Hovedinnhold

Torleiv Hannaas (1874–1929) var den fyrste i akademisk stilling innom nordisk målvitskap og folkeminnevitskap ved Bergens Museum. I 1918 tilsette styret i Bergens Museum Hannaas til professor i “vestlandsk dialektforskning”, og 18. oktober same året heldt han fyrsteførelesinga si, med tittelen Folkemaal og folkemaals-gransking. Sidan 1988 er denne datoen markert med ei eiga Hannaas-førelesing ved Nordisk institutt, no LLE.

Torleiv Hannaas var av setesdalsk bondeætt og vel inne i den særmerkte kulturen der. Hannaas hadde vide faglege interesser, og forskinga hans gjeld målføre, språkhistorie og eldre tekstar. Dessutan var innsamling og utgjeving av folkeminne og folkedikting eit viktig arbeidsområde. Han skreiv om Hornnes-målet (uprenta) og seinare om setesdalsmålet og om vestegde-målet. Utgreiingane har oversyn over lyd- og formverket og over variasjonane frå bygd til bygd. Han omsette også fleire tekstar frå norrønt til nynorsk, m.a. Soga om Ramnkjell Frøysgode og Soga om volsungane.

Grunnlegginga av landsmålet og den fyrste organiseringa av landsmålstilhengjarane var òg eit emne han skreiv om. Særleg gjennom Norsk Aarbok (1920–39), som Hannaas redigerte, prøvde han å spreia opplysning om vesterhavsmåla. Elles har minoritetsspråk stor plass; såleis gjekk Hannaas sterkt inn for samane sin rett til eige språk.

1921 skipa Hannaas Bergens Museums Folkeminnesamling, der det innsamla tilfanget skulle takast vare på.

Hannaas var ein trottug boksamlar, og på Universitetsbiblioteket i Bergen finst i dag den verdfulle Hannaas-samlinga med litteratur på nynorsk (12 030 band), som han let etter seg. Hannaas var sterkt engasjert i målreisinga og var formann i Vestlandske Mållag 1920–26 og i Noregs Mållag 1926–29.