Hjem
Aktuelt
Havpanelet: Ny rapport lagt fram

Skal sikre reine verdshav: Ny rapport frå Havpanelet viser veg

Onsdag 2. desember lanserte statsminister Erna Solberg sitt havpanel sin verdsomspennande handlingsplan for korleis vi i framtida skal sikre berekraftige og sunne hav.

HENNINGSVÆR, utsikt over havet
SUNT HAV; SUNN ØKONOMI: Ein rapport frå det internasjonale havpanelet fortel korleis havet kan stå for ein stor del av ein berekraftig økonomi.
Foto/ill.:
Martine Jacobsen, Unsplash.com

Hovedinnhold

Auka bruk av havet kan vera ein viktig faktor i å løysa verdas utfordringar. Havvind, berekraftig oppdrett, grøn skipsfart, kunnskap og forsking vil vere avgjerande for å sikre reine og produktive hav.

Havnasjonen Norge

– Noreg er ein havnasjon, og eg legg mi og regjeringa si kraft i å realisera den tiltakspakken havpanelet legg fram, seier statsministeren i ei pressemelding.

Havpanelet sin tiltaksplan er utvikla med innspel frå utvalde globale forskingsekspertar. UiB-profesor Lise Øvreås har vore ein sentral forskar i panelets vitenskapelige referansepanel. Eit rådgjevingsnettverk samansett av privat sektor, sivilt samfunn og internasjonale organisasjonar har også bidratt i arbeidet med rapporten.

Havpanelet, eller Høgnivåpanelet for en berekraftig havøkonomi, er representert ved 14 land.

Dei 14 landa i havpanelet forpliktar seg til ein planmessig, berekraftig forvalting av 100 prosent av deira hav- og kystområde innan 2025. Dette tyder at nær 40 prosent av verdas kystlinjer vil få heilskaplege forvaltingsplanar innan fem år. 

Panelet oppmodar samstundes alle andre kyststatar til å gjere det same innan 2030, heiter det i pressemeldinga. 

Forsking i førarsetet

I den faglege hovudrapporten «Ocean Solutions That Benefit People, Nature and the Economy» som vart lagt fram kjem panelet med fem hovud-anbefalingar:

  1. å bruka og dela forsking og data i avgjerdingsprosesser
  2. å utvikla planer for 100 prosent forvalting av alle havområde
  3. å mobilisera finansiering ved tiltak som reduserer risiko
  4. å stoppa forureining frå land
  5. å ta omsyn til alle dei verdiane som havområda representerer

I følgje rapporten er potensialet for berekraftig bruk av havet enormt. Dei peiker mellom anna på at vindturbinar til havs kan produsera 23 gonger meir kraft enn kva heile verda brukar i dag. Professor Finn Gunnar Nielsen, leiar av Bergen Offshore Wind Centre, har vore med på å utarbeida rapporten. 

– Rapporten viser både potensialet og utfordringane med marin fornybar energi. Havvind vil vera ein viktig del av straumforsyninga framover. Rapporten understrekar at utbygginga må ta omsyn til miljø og andre brukarar av havet og at det trengst gode rammeverk for å sikra dette. Det er i tråd med filosofien i Bergen Offshore Wind Centre, som arbeider med havvind frå mange ulike perspektiv: Ressursgrunnlag, teknologi og juss, seier Kristin Guldbrandsen Frøysa. Ho er energidirektør ved UiB. 

Ho meiner rapporten viser at UiB må halda fram arbeidet med å mobilisera forskarar frå mange fag til å arbeida med marin fornybar energi og til å løysa utfordringane saman.

Rapporten peiker også på at fiskeoppdrett kan få mykje å seia, på vilkår av at produksjonen ikkje på verkar økosystem i nærleiken. 

– Vi har lenge tenkt at havet er så stort at det toler alt mogleg av menneskeleg påverknad. Det veit vi no at det ikkje er; havet er ikkje for stort til at det kan øydeleggast.

Koplar forsking og politikk

– Eg trur dette arbeidet kan styrke forståinga i Noreg av at det er viktig at vi forvaltar havet på ein god måte – ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Det er nyttig for Noreg at mange andre land i verda også tenkjer på nokolunde same måten omkring dette, seier Peter M. Haugan på Havforskingsinstituttet (HI) sine nettsider.

Haugan er forskingssjef ved HI og professor ved Universitetet i Bergen og er ein av forfattarane bak rapporten. No skal han jobba for Utanriksdepartementet og følgja opp Havpanelet sine konklusjonar.

– Vi har lenge tenkt at havet er så stort at det toler alt mogleg av menneskeleg påverknad. Det veit vi no at det ikkje er; havet er ikkje for stort til at det kan øydeleggast. Samtidig er det heller ikkje for stort til at det kan fiksast: det går an å løyse problema, viss vi tar dei rette grepa, seier Haugan til HI.

Peter M. Haugan

Peter Haugan, forskingsleiar HI og professor UiB.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes