Hjem
Aktuelt
Horizon 2020

Ni forskarar får mobilitetsstipend frå EU

Universitetet i Bergen får ni internasjonale mobilitetsstipend frå Marie Skłodowska-Curie Actions for 2020. Fem stipend går til Matnat.

MSCA IF Results Poster
UiB får ni mobilitetsstipend frå EU, det er ny rekord. Sidan 2014 har 32 UiB-tilknytte forskarar fått MSCA-IF-stipendet.
Foto/ill.:
EU

Hovedinnhold

EU-kommisjonen kunngjorde nyleg kven som får Marie Skłodowska-Curie Actions Individual Fellowships, internasjonale mobilitetsstipend, for 2020.

EU støtter 1 630 erfarne forskarar med totalt 328 millionar euro, og ni av stipenda går til Universitetet i Bergen.

Dermed kjem sju forskarar frå utlandet til Bergen for å forske saman med kollegaer ved UiB, medan to UiB-forskarar skal reise ut og forske ved eit universitet i utlandet.

Brasiliansk forskar til Det psykologiske fakultet

Vera Da Silva Sinha er ei av dei som har fått stipendet Marie Sklodowska-Curie Individual Fellowship. Ho er antropolog og lingvist og arbeider med kognitiv vitskap ved Universitetet i Las Palmas, Gran Canaria, Spania. Da Silva Sinha kjem frå Brasil, og gjorde forskinga for doktorgraden sin ved East Anglia-universitetet i England. Ho har arbeidd med urfolkssamfunn i fleire år.

Forskingsprosjektet handlar om tilhøvet mellom tid og tal i menneskeleg kognisjon, og korleis dette tilhøvet er kulturelt og lingvistisk konfigurert. Ho skal også gjere feltarbeid i Brasil. 

- Eg ser fram til å møte og etablere samarbeid med kollegaer i Bergen, seier Da Silva Sinha. Ho vil samarbeide med professor Andrea Bender ved Det psykologiske fakultet, og med SapienCE-senteret. På grunn av pandemien er oppstart i Bergen ikkje endeleg fastsett. 

Ny rekord

Ni mobilitetsstipend er ny rekord for UiB i Horisont 2020. Forskarar ved Universitetet i Bergen sende i haust inn 38 søknader i samarbeid med forskarar eller universitet i utlandet. 23,6 prosent av søknadane blei innvilga.

Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har fått gjennomslag for heile fem søknadar i år. To stipend går til Institutt for biovitenskap, to til Geofysisk institutt og eitt til Institutt for fysikk og teknologi.

Universitetsmuseet, Det humanistiske fakultetet, Det medisinske fakultetet og Det psykologiske fakultetet fekk finansiert eitt prosjekt kvar.

Sidan 2014 har UiB-tilknytte forskarar fått totalt 32 tildelingar av stipend frå Marie Skłodowska-Curie Actions:

2014: 2 stipend
2015: 1 stipend
2016: 5 stipend
2017: 7 stipend
2018: 1 stipend
2019: 7 stipend
2020: 9 stipend