Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

BECCLE får fem nye år

Senter for konkurransepolitikk (BECCLE) fekk løyving frå Universitetsstyret i Bergen til å halde fram til 2020. Den forlenga samarbeidsavtalen mellom NHH og UiB sikrar at institusjonane framleis har spisskompetanse på forsking og utdanning innan konkuransepolitikk.

Bilde av JussII

Hovedinnhold

Dagleg leiar for BECCLE, professor Tommy S. Gabrielsen, er svært nøgd med tildelinga.

– Vi er sjølvsagt glade for denne tilbakemeldinga frå leiinga og universitetsstyret. Eg var sjølv til stades under handsaminga av saka i styret, og registrerte at det BECCLE representerer av tverrfaglegheit og samfunnsrelevans blei godt motteke av styret, seier Gabrielsen.

 

Senteret som blei oppretta i 2011 har hatt som mål å samle og styrke den konkurransepolitiske kompetansen og såleis kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikk i Noreg. I tillegg skal  senteret gjennom tverrfagleg samarbeid sikre at fagmiljøa tilknytt senteret har ein felles plattform for fagleg diskusjon og rekruttering.

 

Fjorårets positive evaluering av BECCLE har danna grunnlag for at senteret får halde fram i fem nye år. Hovudkonklusjonen i evalueringsrapporten var at senteret suksessfullt hadde oppnådd sine mål. Senteret fekk i tillegg skussmål for eit høgt aktivitetsnivå.

 

BECCLE organiserer mellom anna jamlege seminar og konferansar, utviklar nye kurs og deltek aktivt i den offentlege debatten i Noreg. Rapporten trekk i tillegg fram at forskarane i BECCLE er høgt kvalifiserte, som ofte publiserer i tidsskrift innanfor konkurranserett og konkurransepolitikk.