Hjem
Forskargruppe for europarett
Gjesteførelesing

GDPR enforcement in practice and the road ahead - gjesteførelesing

Den 13. februar 2023 kl. 12:30-14:00 held Tobias Judin, som er sjef for internasjonal seksjon i Datatilsynet, gjesteføredrag på kurset JUS294-2-A Privacy and data protection - GDPR.

Bilete av bok kor det står "GDPR"
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Fem år etter vedtakinga har personvernforordninga auka standarden for personvern betrakteleg. På same tid lid fleire digitale økosystem av feil på systemnivå. Eit døme er at store aktørar innan sosiale media og marknadsføring tilsynelatande har gjort lite for å avhjelpe sine inngripande praksisar for handsaming av personopplysingar. I gjesteførelesinga diskuterer Judin kvifor dette er tilfelle, og korleis personvernmyndigheitene kan motverke slike utfordringar. Vidare diskuterer han kva rolle nye regelverk, som til dømes EU sine nye rettsakter DSA og DMA, spelar i denne samanhengen. På føredraget vil Judin snakke i om lag 45 minutt, før det blir om lag 30 minutt til spørsmål.

Tobias Judin er sjef for internasjonal seksjon hjå Datatilsynet. Han har ansvar for internasjonalt samarbeid, grenseoverskridande saker og saker om internasjonal overføring av personopplysingar. Han representerer også Noreg i det europeiske personvernrådet. I tillegg er han medformann for "Global Privacy Assembly" si "International Enforcement Working Group". Judin er utdanna jurist, teknolog og sinolog.

Studentar på kurset, og alle andre med interesse for personvern, er hjarteleg velkomne til å delta på gjesteførelesinga. Følg lenka til høgre for å melde deg på. Etter påmelding vil du motta ein e-post med informasjon om deltaking. Påmeldingslenka du mottek er personleg og vil ikkje fungere dersom den delast med andre personar.