Hjem
Teoretisk økologi

Trålfisket stoppa skreien sin gytevandring

I ein artikkel i Biology Letters publisert 18 november foreslår Anders F Opdal ved Institutt for biologi at trålfisket i Barentshavet kan vere årsaken til at skreien sine gyteområde i dag er lenger nord enn for 100 år sidan.

Hovedinnhold

Opdal har samla saman data for landing av skrei langs kysten heilt tilbake til 1866. Dette er henta frå serien 'Norske fiskerier'. Dataene viser at skreien før gytte så langs sør som Rogaland og Vest-Agder, og med relativt stor andel i Hordaland og på Møre. Dei sørlegaste gytefelta forsvant eller vart brukt av ein mindre andel av populasjonen like etter at trålfisket i Barentshavet starta rundt 1920. Opdal sin hypotese (Opdal 2009, Biology Letters 18 november) er at den største skreien vandra lengst og at trålfisket førte til færre store torsk - og dermed mindre vandring til sørlege gytebankar.

Dette er i samsvar med prediksjonar frå ein tidlegare modell-studie (Jørgensen & al 2008. The evolution of spawning migrations: state dependence and fishing-induced changes. Ecology 89, 3436–3448). Desse arbeidene foreslår også at høgt fisketrykk kan redusere utbreiinga av skreien sine gytefelt gjennom evolusjonære endringar, altså at fisk som bruker meir energi på eggproduksjon heller enn vandring vil ha større suksess under høgt fisketrykk.

Meir nordleg gyting kan føre til at skreien blir meir sensitiv til klimavariasjon, seier Opdal i artikkelen.