Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi

Nordisk konferanse i samfunnsfarmasi - NSPC 2013

Det var sjette gong den biennale konferansen Nordic Social Pharmacy and Health Research Conference gjekk av stabelen, denne gong i Gøteborg. Temaet for konferansen var "Striving for equality in research participation and the implications for care".

Bergensdelegasjonen utanfor konferansesenteret (som vi er svært misunnelege...
Bergensdelegasjonen utanfor konferansesenteret (som vi er svært misunnelege på) til Göteborgs Universitetet.
Foto/ill.:
Karin Pettersson

Hovedinnhold

At helseforsking kjem alle til gode er dei fleste einige om. Å få det til er derimot ikkje alltid like lett. Dr. Maria Magnusson, forskar i folkehelse ved Gøteborgs Universitet, måla eit bakteppe av ulike grunnar til at forskinga ikkje blir representativ nok. Spesielt måten forskingsspørsmål og -resultat blir lagt fram har mykje å seie for kven som vel å delta i forsking. Aukande skepsis til forsking grunna motstridane resultat, samt låg helsefremjande allmenndanning (health literacy) grunna til dømes låg utdanning eller innvandrarbakgrunn er utfordringar ein møter.

Professor Else-Lydia Toverud utdjupa det siste punktet vidare, gjennom ei oppsummering av fleire forskingsprosjekt ho og kolleger ved Universitetet i Oslo har gjennomført i innvandrarmiljø i Oslo. Ho minna samstundes om at innvandrarar ikkje er ei homogen gruppe.

Klinisk farmasøyt ved Uppsala Universitetssjukehus, Anna Alassaad problematiserte rundt val av måleeiningar i forsking. Ein må velje eit utkommemål som "fangar opp" dei effektane ein ønskjer å vise, men ein skal samstundes vere klar over det ein ikkje fangar opp.

Alle tre konkluderte med at forsking må vere tufta på det som pasienten ønskjer eller trenger, og at ein i større grad må invitere til deltaking gjennom heile forskingsprosessen, ikkje berre gjennom datainnsamlinga.

Utveksling av ny forsking og nye idéar
I tillegg til plenumsføredraga fekk vi innblikk i forsking frå både heimlege trakter og naboland gjennom parallellsesjonar og postervandring. Det var òg sett av tid til idéutveksling og diskusjonar gjennom ulike workshops, blant anna var workshopen om "profesjonalisme" i utdanninga eit tema som trakk mykje folk og utfordra oss i å tenkje nytt i farmasiutdanninga.

Lone Holst og Kristine Heitmann var med å organisere workshopen Clinical pharmacy in obstetrics: The role of the pharmacist in the Nordic countries. Kristine Heitmann og Lillan Mo Andreassen deltok begge med poster, og resultat frå ei masteroppgåve, levert av farmasialumn Anette Vik Mamen i 2012, blei også presentert av kollega Helle Håkonsen frå Oslo. Masterstudentar frå fleire andre av dei nordiske universiteta presenterte òg sine funn på konferansen, til stor interesse og applaus. Det har vore låg terskel for å la masterstudentar få høve til å presentere på desse konferansane, og vi håper fleire av våre eigne studentar vil ha høve til å vere med oss til Tartu i Estland om 2 år.

Vi ønskjer å takke arrangørane for å gjere dette til ein kjekk, nyttig og interessant konferanse!