Hjem
Institutt for fremmedspråk
Nyhet

Tysk for morgondagen

Tyskfaget slit med rekrutteringa og møter motstridande forventningar. Tysklandsseminaret i Bergen 23. oktober møter utfordringane med fagleg funderte svar.

Hovedinnhold

- Meir kommunikasjon i ekte situasjonar gjer susen både for læring og motivasjon, anten gjennom turar til tyskspråklege område, gjennom online kontakt med andre tyskelevar rundt om i verda eller her i Bergen, slår professor i tysk fagdidaktikk Åsta Haukås fast.

Forventnings-spagat

Tyskfaget i skulen står i skvis mellom motstridande forventningar og trendar. På den eine sida har regjeringa ein strategi for samarbeid med Tyskland, der målet er meir kompetanse om tysk språk, kultur og samfunnsliv. Samstundes slår Kunnskapsdepartementet fast at skulefaget framandspråk blir opplevd som «lite relevant» og «tek tid og kapasitet frå andre fag elevane har lyst på».

Torsdag 23. oktober skal utfordringane på bordet i eit seminar på Litteraturhuset i Bergen om tyskfaget sett i lys av samarbeidet mellom Noreg og Tyskland. Arrangør er Institutt for framandspråk ved UiB i samarbeid med Framandspråksenteret i Halden.

«Rede Deutsch mit uns!»

- Kva skal til for å gjera tyskfaget meir attraktivt for norske skuleelevar?

- Tysk er allereie eit attraktivt fag, svarar leiar ved Framandspråksenteret Gerard Doetjes, og legg til:

- Du får to for prisen av ein: Du blir kjend med eit nytt og viktig språk og du blir kjend med eit nytt og viktig land. Fleire land, faktisk. Kan det bli meir attraktivt? Sjølvsagt, men då må vi - og med det meiner eg ikkje den enkelte læraren, men skulane og styresmaktene - investera riktig i nytt innhald og praktiske metodar. Bruk KI på eit fornuftig vis, bruk alle dei gode kjeldene som er tilgjengelege, hent Tyskland, Austerrike og Sveits inn i klasserommet - og pøs på med språk. Det er trass alt derfor eleven vel faget. 

-  Kommunikasjon er hovudmålet med faget, og elevane må få oppleva at dei kan ta i bruk språket frå første stund - og ikkje berre øva på grammatikk, strekar professor Åsta Haukås under og legg til:

- Meir kommunikasjon i ekte situasjonar gjer òg susen både for læring og motivasjon, anten gjennom turar til tyskspråklege område, gjennom online kontakt med andre tyskelevar rundt om i verda eller her i Bergen: Gå ut av klasserommet, ta turen til Bryggen og snakk med tyske turistar, gjerne med ein plakat i handa der det står: "Wir lernen Deutsch. Rede Deutsch mit uns!" 

Fagleg seminar

Forskarar og lærarar frå den vidaregåande skulen deltek på seminaret 23. oktober, i tillegg til representantar frå næringslivet, den tyske ambassaden og Goethe-instituttet. Samlinga er open for alle interesserte. Sentralt står spørsmålet om korleis ein kan få til ei språkopplæring som har høg kvalitet og samstundes er relevant i tida framover.