Hjem
Geofysisk institutt
Nettbasert undervisning

Underviser i klimaendringar over nett

Tilbyr MOOC til over ein million studentar verda over.

Neste
Kerim Hestnes Nisancioglu
Professor Kerim Hestnes Nisancioglu under filming av UiBs klima-MOOC på kysten av Grønland.
Foto/ill.:
Frode Ims
1/2

Causes of Climate Change - free online course at FutureLearn.com

2/2
Tilbake

Hovedinnhold

For tredje gong arrangerar UiB opent, engelskspråkleg nettkurs i årsakane til klimaendringar.

Det såkalla MOOC-et (Massive Open Online Course) «Causes of Climate Change» er utarbeidd av Kerim Nisancioglu og Asgeir Sorteberg ved UiB og Bjerknessenteret, via tenesta FutureLearn. Kurset tek deg frå UiB til bergensfjella, og heile vegen til Grønland.

– Noko av det spesielle med dette kurset er at det diskuterar klimavariasjonar både i fortid, notid og framtid. Vi går tusenvis av år attende, og set dagens klimaendringar inn i eit historisk perspektiv. Vi har eit breitt fagmiljø på klimaforsking i Bergen, og denne styrken utnytter me i dette prosjektet, seier Nisancioglu.

– Gjennom dette kan vi nå breitt ut internasjonalt, og gi studentar som ellers ikkje har tilgang på høgare utdanning kurs med eit høgt fagleg nivå.

Kurset går over tre veker frå 1. oktober, med om lag 4 timars tenkt tidsbruk kvar veke.

Lærarar kan i tillegg bli med i studiesirkelen i Bergen tre kveldar under undervisninga, med kaffi og diskusjon rundt innhaldet i kurset – med tilleggstemaet i å gi elevane ei god forståing for kva som hender med klimaet.

Nettkurset er ope for alle, men for å ha fullt utbytte bør ein ha vidaregåande utdanning, og ei interesse for fysikk. Eit av måla med kurset er òg å rekruttere nye studentar til studier av geovitskap og klima – gjerne i Bergen.

– Vi filmar jo mykje i Bergen og i norsk natur. Det er ein del av målet å vise fram byen for å tiltrekkje oss nye studentar. Og så er det jo i Bergen at den moderne meteorologien vart oppfunne. Det er også noko vi speler på, seier Nisancioglu.

Denne saken er også publisert på Bjerknessenteret for klimaforskning sine nettsider.