Hjem
UiB innovasjon
Nyhet

Innovasjonsprogrammet UiB idé lysast ut på nytt

Då UiB for første gong lyste ut eit innovasjonsprogram for idear i ein tidleg fase, kom det søknadar frå heile universitetet. No er programmet opent for ein ny runde.

Innovasjon med robot
UiB idé er ikkje berre finansiering for ein god idé i ein tidleg fase, men òg rådgiving og støtte, samt deltaking på arrangement som gir kunnskap om innovasjon.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

36 søknadar frå studentar og tilsette ved alle fakultet kom inn då UiB for første gong utlyste midlar. No er dei åtte prosjekta som blei utvalde i innspurten, for programmet varer berre i seks månader. Meininga er at vitskapleg tilsette og studentar som får tilslag, får ein rask start, for å teste ut idéen sin. 

Innovasjonskulturbygging

Innovasjonsrådgivar Yves Aubert ved Forskings- og innovasjonsavdelinga er leiar for programmet. No er han glad over å kunne lyse ut nye to millionar kroner til dei beste innovasjonsprosjekta ved UiB. Søknadsfristen er 15. mars 2022. 

- Pilotåret 2021 har vore lærerikt, og ein stor suksess. For 2022 er det det gjort endringar for å gjere programmet meir fleksibelt og vidtfamnande. Det vil gi breiare innovasjonskulturbygging, og meir innovasjonsrådgiving til prosjekta. Eg ser fram til å fortsetje det framifrå samarbeidet med innovasjonsekspertane i vurderingskomiteen til UiB idé, som sikrar at vi har høg kvalitet på dei finansierte prosjekta.

UiB tidleg idé

Forskarar kan søkje om opptil 500 000 kroner i midlar, og for studentar er grensa 100 000 kroner. Men denne gongen blir det òg lyst ut ein mindre pott med opptil 25 000 kroner til kvart prosjekt, kalla UiB tidleg idé. Desse midla kan ein søkje om og få tildelt gjennom heile året, og dei rettar seg både mot studentar og fagleg tilsette. 

- UiB idé er svært viktig for å stimulere til nysgjerrigheit og innovativ tenking frå forskingsmiljøa ved universitetet. Eg håper mange lar seg inspirere og ser dette i samanheng med mulegheiter for vidare finansiering frå både Horisont Europa og Forskingsrådet. Det er mykje læring i det å vere med på søknadsrunden. Eg er stolt over at ein ikkje berre får finansiell støtte, men òg rettleiing undervegs, med tilbakemeldingar frå ein svært kompetent komité, seier viserektor Gottfried Greve. 

- Viktig inngang for studentar og vitskapleg tilsette

UiB idé er òg noko justert etter erfaringane frå pilotåret 2021. Målet er å nå ut til endå fleire idear i ein tidleg fase. Les meir om kriteria og korleis du kan søkje UiB idé her. 

- Innovasjonsprogrammet skal stimulere til forskningsdriven utvikling av kunnskap i bruk - i samfunnet. Derfor er dette ein viktig inngang for studentar og vitskapeleg tilsette, som ønskjer å bidra med løysningar til offentleg sektor eller ved å skape kommersielle resultat. Her jobbar vi òg for smidige og gode overgangar til virkemidla i VIS, seier forskingsdirektør Benedicte Løseth.