Hjem
Ansattsider

IT-tenester for gjester

Om du er på besøk ved UiB eller ikkje har fått brukarkonto ennå, kan du sjølv skaffe tilgang til Internett. Andre IT-tenester kan tildelast ved behov.

Hovedinnhold

UiB har alltid gjester

Universitetet i Bergen har til ei kvar tid gjester som kan trenge IT-tenester. Mange av desse er forskarar eller studentar. Nokre er foredragshaldarar eller konferansedeltakarar. Andre er samarbeidspartnarar frå det offentlege eller næringsliv. Dei fleste greier seg med tilgang til Internett.

Internett

Trådlaust datanett gir tilgang til Internett dei fleste stader på universitetsområdet. Studentar og tilsette ved universitet og høgskular kan bruke eduroam. Andre kan bruke gjestenettet UiB-guest.

Pålogging til UiB-PC

Universitetet sine PC-ar krev pålogging. Om du treng dette må du få ein gjestekonto. Leiarar og mange tilsette kan opprette slik tilgang for gjesteforelesarar, kursdeltakarar og andre.

Treng du fleire IT-tenester?

Fleire IT-tenester er tilgjengeleg med ein langvarig gjestekonto. Leiarar ved institutt, avdelingar og andre einingar ved universitetet kan skaffe ein slik brukarkonto. Aktuelle brukarar er gjesteforskarar og andre med tilknyting til universitetet.