Hjem
Det juridiske fakultet

PHDJUR905 Formidling av rettsvitenskaplig forskning

Emneinformasjon våren 2023

Hovedinnhold

Generell emneinformasjon

Sigrid Eskeland Schütz er emneansvarleg og deltek på alle samlingar. Det er obligatorisk oppmøte til all undervising i emnet.

Samlingane vert fysisk eller online, alt etter tilhøva.

25. april 2023 kl. 13.00-15.00, Rom 546: Førelesingar og diskusjon

Terje Einarsen, professor, Det juridiske fakultet: (Tittel kjem)

Kim Einar Andreassen, rådgjevar kommunikasjon, Det juridiske fakultet: (Tittel kjem)

Førebuing: les tekststykket Audun Farbrot; Forskningskommunikasjon (praktisk handbok for forskarar og kommunikasjonsrådgjevarar), som gjev ein peikepinn på problemstillingar vi treng å arbeide med. Les gjerne: — Forskere må ikke være for lettskremte (khrono.no)

2. mai 2023: Innlevering av mediebidrag

Etter samlinga 25. april arbeider den enkelte, eller fleire saman, med utkast til eit mediebidrag etter eige val. Utkastet skal sendast modulansvarleg sin e-post innan 2. mai kl 14.00, og utkast som er bestått vert så sendt ut til alle deltakarar.

Døme på mediebidrag:

Alle arbeid kan vere på norsk el. engelsk. Har du problem med å kome i gang; ikkje nøl med å ta kontakt med meg eller Kim Einar. Vi bidreg gjerne undervegs i arbeidet.

8. - 9. mai 2023: Diskusjon av mediebidrag (vi deler oss i grupper)

Deltakarane møtes for å kommentere og diskutere kvarandre sine bidrag under leiing av emneansvarleg (2 timar). Her skal kvaliteten på bidraga analyserast med omsyn til innretning, formidlings-kvalitet, faginnhald og målgruppe. Bidraga skal vidare studerast i lys av forskaren sitt val av strategi, medium og moglege utfordringar ved faktisk publisering eller formidling.

Emneskildring

Mål: Emnet skal bidra til å gi stipendiatane innsikt i føremål bak og metodar for å formidle rettsvitskap. Målet er at ph.d.-kandidatane gjennom erfaring med formidlingsarbeid og refleksjon rundt rolla som rettsvitskapsmann/kvinne i ulike medium, vert betre i stand til å vurdere om og korleis formidling av eiga forsking kan skje.

Innhald: Emnet vil gje ei grunnleggande innføring i formidling av rettsvitskapleg forsking, etikk knytt til forskingsformidling, handtering av media og forskaren si rolle i media.

Læringsutbytte: Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Ph.d.-kandiaten har fått trening i formidling med fokus på å skrive kronikk i avis, men òg ha fått innføring i andre arenaer for formidling, som deltaking i juridiske debattar.

Kandidaten skal ha

  • Kunnskap i ulike måtar å formidle rettsvitskapleg forsking
  • Kunnskap om etikk og rolleforståing ved formidling
  • Kunnskap om handtering av media

Ferdigheiter: Kandidaten skal

  • Kunne skrive ein kronikk, lage pod-kast, delta i juridiske debattar eller på annan måte formidle rettsvitskapleg forsking
  • Kunne vurdere strategiar for, etiske spørsmål ved og handtering av media, knytt til formidling av eiga forsking

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan vurdere eiga rolle i massemediene.

Arbeids og undervisningsformer
Før undervisinga vert det sendt ut eigna litteratur om emnet. Det vert først gjeve ei innleiing og førelesingar over emnet formidling. Førelesinga inneheld òg generelle spørsmål om etikk knytt til forskingsformidling og handtering av media (2 timar). Deltakarane skal innan ein frist sjølv skrive kronikk eller utarbeide eit anna medie-bidrag med utgangspunkt i eiga forsking. Bidraget skal leverast modulansvarleg, med krav til godkjenning av innlevert arbeid. Bidraga vert dernest distribuert til deltakarane, som skal setje seg inn i kvarandre sitt arbeid. Etter halvanna veke møtast deltakarane for å kommentere og diskutere kvarandre sine tekstar eller bidrag under leiing av modulansvarleg (2-4 timar). Her skal kvaliteten på bidraget analyserast med omsyn til innretning, formidlings-kvalitet, faginnhald og målgruppe. Bidraga skal vidare studerast i lys av forskaren sitt val av strategi, medium og moglege utfordringar ved faktisk publisering eller formidling. Det er obligatorisk oppmøte til all undervising i emnet.