Hjem
Hywind demo outside Karmøy

Slik skal vindkrafta verta meir effektiv

Flytande vindturbinar har eit enormt potensiale. Astrid Nybø arbeider for at ein kan produsere mest mogeleg energi frå desse.

Hovedinnhold

Vindkraft er ein energi-ressurs som er rein og fornybar. Flytande havvind, eller vindturbinar som flyt i havet, kan representera ei ny bølgje innan fornybar energi.

– Vinden til havs er meir stabil og vindturbinar til havs er difor mindre utsett for turbulens enn dei som er på land. I tillegg kan ein bruka større turbinar, seier Astrid Nybø.

Nybø er stipendiat i havvindenergi ved Universitetet i Bergen (UiB), som styrkar satsinga si på fornybar energi. Geofysisk institutt ved universitetet har samarbeidd med forskingsprogrammet NORCOWE i åtte år. Programmet er eit nettverk av forskingspartnerar som vil skapa meir samarbeid mellom forskarar og industrien.

For både forskarane og industrien er det viktig å sjå på samanhengen mellom vinden sine eigenskapar over havet og flytande vindturbinar. 

– Vinden til havs er meir stabil og det er mindre turbulens. I tillegg kan ein nytta mykje større turbinartil havs, og einer ikkje avhengig av store landareal. Det opnar seg mykje større muligheiter, seier Nybø.

Botnfaste vindturbinar til havs  er i dag billigare og meir utbreidd enn flytande. Likevel er potensialet for flytande vindturbinar mykje større då desse kan plasserast på djupare hav. Ein annan fordel med flytande turbinar, er at dei i større grad kan masseproduserast då ein ikkje treng å ta omsyn til topografien på same måte som for dei botnfaste. 

Astrid Nybø
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes

RETTAR FEIL. Astrid Nybø si forsking kan gjera at modellane industrien brukar i vindkraft kan verta meir effektive. 

Vil retta feila

Når ein konstruerer vindturbinar, nyttar ein simuleringar for å laga dei beste vindturbinane, med størst effekt. Nett no studerer Nybø vindmålingar frå ein vindmast utafor Tyskland. Så skal dei samanliknast med dei simuleringane som industrien brukar.

Nybø er nemleg ganske sikker på at simuleringane industrien brukar når dei skal laga nye vindparkar til havs er svært forenkla.

– Simuleringane industrien brukar er laga for mindre modellar, som er på land. Ved å nytte desse i planleggingsfasen, vil dei ikkje få dei resultata dei forventar i produksjonen. Eg håpar at mine resultat vil gjera at industrien tenkjer nytt om dei simuleringane dei brukar, og eventuelt veljer å bruke betre metodar. Offshore vindkraft er noko anna enn den på land, seier stipendiaten. 

Ho samarbeider med Equinor om prosjektet.

Illustrasjon Høgde på flytande vindkraft
Foto/ill.:
Equinor

STORE MØLLER: Flytande vindkraft er ikkje småtteri. Denne illustrasjonen laga av Equinor viser turbinane i Hywind pilot-park utafor Skottland samanlikna med andre bygg. 

Byggjer miljøet

Som relativt nytilsett ph.d.-kandidat ved UiB er ho med på å byggja opp eit nytt miljø rundt vindkraft.

­– UiB har mange forskarar som har forska mykje på vind, men ikkje like mykje rundt vindkraft, men eg trur vi har mykje å henta.

Ho peiker på at UiB har mykje kompetanse på både vind og turbulens frå meteorologi.

– Det gir oss eit svært godt grunnlag for å byggja opp eit miljø innan vindkraft. No må vi byggja oss opp og visa at me satsar. Det er stor konkurranse på dette feltet, både i Noreg og i resten av verda.

Eit stort løft

Kvifor er det viktig å satsa på vindkraft?

– Vindkraft er ei billig kjelde til energi på globalt nivå. Vinden bles overalt, dag og natt. I motsetning til gass og kol er vinden gratis, og den er ei rein kjelde til kraft. Nett no er investeringskostnaden for flytande vindturbinar relativ stor samanlikna med andre kraftkjelder, men landbasert vindkraft er allereie konkurransedyktig mange stader.

Ikkje minst er vindkraft viktig i eit globalt perspektiv, meiner Nybø. Sjølv om Noreg har billig vasskraft bør me utforska vindkrafta i tillegg.

– Norsk kompetanse kan òg bidra til utviklinga i kraftproduksjon frå flytande vindturbinar i andre land, seier stipendiaten.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Produsent:
UiB
Hywind Turbine vert segla frå Stord til Skottland
Foto/ill.:
Øyvind Gravås

SEGLANDE VINDKRAFT: Den siste vindturbinen til Hywind-prosjektet vert frakta frå Stord til Skottland.