Hjem
Middelalderklyngen
kalkseminar

Steinkyrkjer og kalk – kunnskap og ivaretaking

27.–28. oktober arrangerte Mellomalderklynga ved UiB og Byantikvaren i Bergen, saman med Bergen kirkelige fellesråd, konferansen Steinkyrkjer og kalk – kunnskap og ivaretaking. Her er ei oppsummering.

Mariakirkens to tårn
I regjeringa sitt kyrkjebevaringsprogram er eit av måla at alle kyrkjer frå mellomalderen skal settast i stand før 2030. Men korleis kan ein best ta vare på ein bygning i stein og kalk?
Foto/ill.:
Thor Brødreskift, UiB

Hovedinnhold

Det finst ei rekke mellomalderkyrkjer i stein i Noreg, og dei utgjer ein viktig del av vår kulturhistorie. Barne- og familiedepartementet har gjennom forslag til kyrkjebevaringsprogram sett som mål at alle kyrkjer frå mellomalderen skal setjast i stand før 2030.

Målet med konferansen var å kaste lys over viktige problemstillingar knytt til mellomalderkyrkjene – frå ulike ståstader og ulike fagområde. Korleis kan ein best ta vare på ein bygning i stein og kalk? I Bergen har vi framleis fire bevarte/delvis bevarte steinkyrkjer frå mellomalderen. Alle desse har vore – eller er – under restaurering, der ulike val og prioriteringar ligg til grunn for arbeida som er gjort.  

Kirkene i Bergen i middelalderen

I Bergen var det over 20 kyrkjer i mellomalderen. Dei fleste av desse var i stein. Her ser vi Kongsgården og Kristkirken i front, med byen i bakgrunnen, slik det kan ha sett ut på byrjinga av 1300-talet.

Foto/ill.:
Arkikon

Kor viktig er kompetanse på historisk murverk og kalkhandverk i restaureringsarbeidet? Og kva betydning har kalken når steinkyrkjene skal settast i stand, både med omsyn til kvalitet, til eit stadig vanskelegare klima, men også for kyrkja sin autentisitet og estetiske uttrykk? Kor viktig er forsking på bygg og byggemateriale for å gi kyrkjene best mogleg ivaretaking? Dette er spørsmål som vart diskutert frå ulike synsvinklar og ståstadar under konferansen.

Bidragsytarar

Eit viktig mål med konferansen var å skape ein tverrfagleg møteplass og diskusjonsarena for aktørar som arbeider med forsking og forvalting av mellomalderkyrkjene. Fagfolk frå ni forskjellige institusjonar bidrog med innlegg og omvising på konferansen: Universitetet i Bergen, Bergen Kirkelige Fellesråd, Riksantikvaren, Akasia, Fabrica kulturminnetjenester, NIKU, Forsvarsbygg, WSP (konsulenttenester innan bygg og anlegg), Fortidsminneforeningen.

Bygningshistorikk

Ei mellomalderkyrkje er eit komplekst bygg, ofte med ei lang historie av utbyggingar, endringar og restaureringsarbeid. Det er viktig at aktørar som arbeider med vedlikehald har innsikt i historikken til det aktuelle kyrkjebygget, for slik å kunne ta kvalitative vurderingar knytt til nye istandsettingsprosjekt og vedlikehaldsarbeid. Grundig dokumentasjon og forundersøking av det aktuelle kyrkjebygget må på plass før ein kan starte arbeidet med istandsetting. Dette inneber m.a. arkivgjennomgang av kyrkja si historie, tilstandsanalyse, naturvitskaplege undersøkingar av materiale og skade. Ei slik forundersøking er ein tverrfagleg prosess.

Dokumentasjon og kunnskapsproduksjon er nødvendig for å forstå mellomalderkyrkjene, og bør bli trekt inn som ein viktig del av ivaretaking og vedlikehald av dei ulike bygga. På denne måten har ein større føresetnader for å ta riktige avgjersler i samband med restaurering og vedlikehaldsarbeid.

Mariakirken sett fra langsiden

Mariakirken har ein kompleks bygningshistorikk med utbygging i fleire etappar og i fleire byggestilar.

Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Stein som kjeldemateriale

Steinen og sjølve murverket har ein viktig kjeldeverdi. Forsking på bygningssteinens proveniens, steinbrot, stil- og bygningshistoriske element og steinhoggarmerker er viktig for å forstå mellomalderens kyrkjebygg, og vil gi ny kunnskap om byggeprosessar, handverkarar og nettverk både i og utafor Noreg. Tverrfagleg forsking knytt til geologi, arkeologi, arkitektur- og bygningshistorie er nødvendig, og vil også kunne bidra til å sette dei norske mellomalderkyrkjene inn i ein større internasjonal kontekst. For framtidig vedlikehald er det også viktig med kunnskap knytt til kvaliteten på ulike typar bygningsstein.

Blindbuefriser på Korskirken

Biletet viser sannsynlegvis originalt murverk i Korskirken, med gjenkjennbar kvaderstein frå kjende brot. I dag er dette kalka over, sjå biletet under til høgre.

Foto/ill.:
Øystein J. Jansen

Korskirken før og etter siste restaurering

Her ser vi Korskirken før og etter siste restaurering. Murverket utgjer eit viktig kjeldemateriale, som no er blitt utilgjengeleg under pusslaget. Samtidig har kalken mykje har å seie for det estetiske uttrykket til kyrkja, og ein må vere bevisst på både fargeval, kva som skal kalkast og kva som bør stå ukalka.

Foto/ill.:
Øystein J. Jansen

Sidan 1200-talet har truleg dei fleste kyrkjene vore kalka, noko som også vil vere ein nødvendig del av vedlikehaldet i framtida. Det er difor viktig at ein i eit restaureringsarbeid har fokus på kjeldene ein dekker til. Viktig kjeldemateriale, som stein og steinhoggarmerke, må undersøkast og dokumenterast før dei blir gjort utilgjengelege for framtidig forsking.

Istandsetting er ein heilt nødvendig, men også destruktiv prosess, og fjerning av kalkpuss, kalkmørtel og bygningsstein under restaureringsarbeida truar autentisiteten til bygget. God dokumentasjon på materiale som ein fjernar er difor heilt nødvendig. Praksis for dokumentasjon synest likevel å vere svært ulik. Murverket i mellomalderkyrkjene er regulert og verna etter same lovverk som arkeologiske kulturminne (Lov om kulturminne). Likevel verkar det som forvaltninga og av desse to er noko forskjellig i høve krav til dokumentasjon og ivaretaking. Dette er ei utfordring.  

Kalk, ivaretaking og vedlikehald

Det er brei einigheit om at kontinuerleg og langsiktig vedlikehald er ein føresetnad for god ivaretaking av mellomalderkyrkjene. Samtidig er det i dag behov for omfattande vedlikehaldsarbeid ved fleire av kyrkjebygga.  

Fukt og lekkasjar er ein av dei største trugslane mot kyrkjene. Mykje av årsakene kan ein finne i tidlegare tiders restaureringsarbeid, ofte frå 18- og 1900-talet, der manglande kunnskap gjorde at ein ikkje greidde å finne dei beste materiala og løysingane. Erfaringsbasert kunnskap knytt til både materialval og utføring er viktig å ta med inn i restaureringsarbeida. Samtidig understrekar dette behovet for kunnskaps- og forskingsbaserte val i framtidas vedlikehaldsarbeid.

Det er viktig å ta omsyn til kyrkjebygget og kunnskapen som finst der i høve materialval og teknikk. Kunnskap om kalkhandverk og typar kalk frå mellomalderen er såleis nødvendig. Mørtelundersøking bør vere ein del av forundersøkinga ved eit restaureringsprosjekt. Behovet for at reparasjonsmørtel er kompatibelt med det som har vore der før, vart påpeika. Det er viktig å kunne vurdere materialet ein ønsker å nytte i forhold til formålet. Det er difor nødvendig med ein heilheitstanke knytt til arbeid og produkt, og ein byggherre kan såleis ikkje berre ha kunnskap om eige materiale. Aktørane som arbeider med restaurering bør ha kunnskap om og forståing for heile byggeprosessen som ligg bak ei mellomalderkyrkje.

I samanheng med dette kan det vere problematisk at ein mange stader i landet må legge restaureringsarbeid av mellomalderkyrkjer ut på anbod. Ein risikerer då å få aktørar utan den nødvendige erfaring, spesialkompetanse og kunnskap som ein må kunne forvente å ha ved restaurering og istandsetting av mellomalderbygg. Det er difor heilt avgjerande ved anbodsprosessar å sette tydelege krav til antikvarisk erfaring og kompetanse, og å vekte dette tungt.   

I dag nyttar ulike aktørar ulike typar kalk under restaureringsarbeida av mellomalderkyrkjene, og ulike aktørar har ulike kalkpreferansar. Kalk har nokre felleseigeskapar, men også nokre som er forskjellige. Valet står mellom forskjellige typar industribrent naturleg hydraulisk kalk («NHL») av ulik styrke, industribrent rein luftkalk og – i den seinare tida – tradisjonelt vedbrent kalk. Det er fordelar og utfordringar knytte til alle typar.

Brenning av marmor til tradisjonell kalk

Her ser vi brenning av marmor til tradisjonskalk.

Foto/ill.:
Per Storemyr

Forsking på kalk i England tyder på at nokre typar NHL-kalk over tid kan bli for hard og tett for eit mellomalderbygg, og slik gi fuktproblem på sikt. Rein luftkalk kan vere eit godt alternativ, men har ikkje dei svake hydrauliske eigenskapane til dei fleste kalkane som tradisjonelt vart nytta i Noreg. Tradisjonskalk har vore lite tilgjengeleg, og ulike kalkbrenningar vil gi ulik kvalitet på kalken ut frå kva slags råstoff som vert brent.

For dei ansvarlege byggherrane kan økonomiske omsyn og ønske om garantiar vege tyngre enn omsynet til kalktypane sine eigeskapar. Sameleis må behovet for store kvanta vegast opp mot ønske om lokalt og regionalt forankra tradisjonshandverk. Kva kalktype ein vel er i stor grad opp til den enkelte byggherre, så lenge ein avklarar det med Riksantikvaren. Dette kan fort bli både tilfeldig og lite kunnskapsbasert, og konferansen avdekka eit stort behov for å få opparbeida kunnskap og forsking rundt det kalktekniske. Dette er nødvendig for å kunne gi ei kvalitetssikra vurdering på kva kalk som vil vere best eigna til ulike bygningstypar og murverk, og i høve til ulike klima. 

Nye metodar i vedlikehaldsarbeidet

Thermalfotografering på mellomaldersk murverk kan vere eit viktig første steg på vegen for å avdekke potensielle problemområde med tanke på fuktigheit i veggane. Thermalfoto viser kor mange grader veggen har, og ein kan slik identifisere varme og kalde område. Anomali og kalde område kan vere eit signal på fukt, men er noko som må verifiserast gjennom andre metodar. Ein kan difor ikkje konkludere ut frå thermalfoto åleine, då det her er fleire ulike parameter som spelar inn, som for eksempel det reint bygningstekniske og ulike vêrforhold.

Thermalfoto av Korskirken som viser varme og kalde områder

Thermalfoto av Korskirken som viser varme og kalde område. Lilla område er kalde, noko som kan tyde på fukt i murverket.

Foto/ill.:
Jani Causevic, NIKU

Tilgjengelegheit og bruk

Dei fleste mellomalderkyrkjene er framleis i bruk som kyrkjer. Det kan vere utfordrande å skulle tilpasse eit mellomaldersk steinbygg til dagens standard i høve tilgjengelegheit for alle. God dialog mellom dei ansvarlege kyrkjeeigarane og forvaltningsmyndigheitene er nødvendig.

Konklusjon

Mellomalderkyrkjene er ein viktig del av vår kulturarv, og det knyter seg mange ønske og preferansar til både bruk, ivaretaking og forsking. 

Forskjellige aktørar og kommersielle firma er involvert i restaureringsarbeid på mellomalderkyrkjene. Konferansen avdekka ueinigheit knytt til både utføring av vedlikehaldsarbeid og materialval. Auka kunnskapsproduksjon og forsking knytt til både materiale og måtar å utføre arbeida på er nødvendig, og truleg er kunnskap rundt dette noko som bør komme med i utdanninga i murarfaget. 

Kyrkjene innehar eit uvurderleg kjeldemateriale frå mellomalderen. Dei må ivaretakast på ein slik måte at ein ikkje øydelegg moglegheitene for framtidig forsking og kunnskapsutvikling.