Hjem
Neuro-SysMed (NSM)
Nyhet

Tildeling frå Michael J. Fox-stiftinga til professor Tzoulis

Professor Charalampos Tzoulis mottek $300,000 (3 mill kroner) frå den velrenommerte Michael J. Fox-stiftinga.

Portrait photos.
Professor Tzoulis med Ph.d. og postdoc Dr. Irene Flønes, som har bidratt vesentlig til dette prosjektet. Fotograf: Eivind Senneset.
Foto/ill.:
Neuro-SysMed, Eivind Senneset.

Hovedinnhold

Tildelinga kjem frå programmet «Biomarkers to Support Therapeutic Trials Program» til Michael J. Fox-stiftinga og vil finansiere eit prosjekt med mål om å identifisere ei ny undergruppe av Parkinsons sjukdom som blir driven av funksjonssvikt i mitokondriane. Prosjektet har vidare som mål å etablere klinisk anvendbare biomarkørar som gjer det lettare å identifisere dei pasientane som vil ha nytte av å delta i målretta kliniske studier.

– Dersom vi finn biomarkørar for ei slik undergruppe av sjukdommen, kan vi velje ut dei pasientane som vil ha mest nytte av aktuell eksperimentell behandling. Vi håper at dette prosjektet vil utgjere eit viktig bidrag i arbeidet internasjonalt med å etablere persontilpassa medisin mot Parkinsons, fortel professor Tzoulis.

Tzoulis si gruppe synes det er gjevande å arbeide med Michael J. Fox-stiftinga.

– Stiftinga har vist stor interesse i prosjektet heilt frå starten, og har vore svært engasjert gjennom diskusjonar om problemstillingar og hjelp med å få prosjektet opp og fram. Det er i det heile tatt ein god måte å støtte og legge til rette for prosjektet på samt sørge for at midlane blir nytta så effektivt som mogleg, seier forskingsrådgjevar Yamila Torres Cleuren hos Neuro-SysMed. – Forskarane våre er svært glade for denne støtta frå Michael J. Fox-stiftinga. Utanom kva pengane vil bety, så har vi lenge fulgt med på kva stiftinga arbeider med og har stor respekt for det, og ikkje minst for Michael J. Fox sjølv! avsluttar Cleuren.