Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Sjøanemona gjev oss innsyn i opphavet til nervecellene

Océane Tournière disputerer 21.02.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Specification and differentiation of neural cells in Nematostella vectensis".

Hovedinnhold

I dyreriket har dei ulike nervesystema enorm variasjon, både i struktur og funksjon, for eksempel er det estimert at menneskehjernen har omlag 86 milliardar nevronar i samanlikning til somme rundormar som berre har 302 nevronar.

Desse variasjonane har alltid fascinert vitenskapen, og gjev umiddelbart mange spørsmål: Korleis oppstod nevronar i utgongspunktet? Kva var deira funksjon den gongen dei oppstod? Korleis organiserte dei seg slik at dei gav opphav til det komplekse sentralnervesystemet i virveldyr? Ved å bruke både utviklingsbiologi og evolusjonsbiologi, kan vi nøste oss tilbake i tid og forklare danning av nye eigenskapar og forklare korleis diversiteten oppstod i dyreriket.

Sjøanemoner og korallar er marine dyr som ein ofte beskriv som “enkle”, grunna deira manglande sentraliserte hjernestruktur. Allikevel har dei nevronar som kobler seg saman i eit såkalla nervenett. Nervenettet gjer at dei kan bevege seg, føle omverda og reagere til den, for eksempel ved å fange byttedyr. Det er svært interessant at desse dyra har evna til å gjenoppbygge nervenettet sitt fullstendig etter ein skade.

Målet med dette doktorgradsarbeidet var å forstå korleis nevronane vert bygd i denne arten av sjøanemone, ein prosess kalla nevrogenese. Vi forska på uttrykkinga og funksjonen i gen, som kontrollerer spesielle steg i nevrogenesen i høgare dyr, under utviklinga til sjøanemone. Analysane våre viste at fleire av desse gena i sjøanemone, hadde konserverte funksjonar med andre dyr. Desse funna kan tolkast som at dei molekylære prosessane som er involvert i spesialisering og differensiering av nevronar var tilstades før sentralnervesystemet oppstod, for meir enn 600 millionar år sidan. Vi antek at desse molekylære prosessane legg grunnlaget for å forme det komplekse og sofistikerte nervesystemet som vi finn i mange dyr i dag.

Personalia

Océane Tournière vaks opp i Sør-Frankrike, i nærleiken til Nice. Der studerte ho til sin Bachelorgrad og utførte sin første labpraksis på Ascidiacea, i forskargruppa til Dr.McDougall. Ho studerte sitt tredje år som ERASMUS student ved St.Andrews Universitet, i laboratoriet til Prof.Ritchie, der ho studerte evolusjonsgenetikk i atferden hos Drosophila.

Masteren sin gjorde ho ferdig i Pierre Marie Curie Universitet, i forskargruppa til Dr.Balavoine der ho studerte regenerering i leddorma.