Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kristen tru som kroppsleggjort kunnskap

Rita Isdal Cunningham disputerer 28.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Traces of Grace".

Hovedinnhold

PhD-avhandlinga har eit todelt fokus: Fyrst utforskar kandidaten den kristne trua som praksis og kroppsleggjort kunnskap, og søkjer å skildra den erfaringsnære opplevingsdimensjonen ved trua. Deretter ser kandidaten på dynamikken mellom individuell erfaring og deltaking og tilhøyr i det kollektive kristne fellesskapet. Religiøse erfaringar kan sjåast som augneblinkar der rommet for erkjenningsmessige openbaringar opnar seg og mogleggjer nye orienteringar i verda. Avhandlinga undersøker korleis enkelte hendingar/erfaringar får kraft til å vera retningsgjevande i livet til enkeltindivid, samt ser nærare på korleis det kristne fellesskapet legg til rette for individuelle erfaringar. Avhandlinga byggjer på datamateriale frå feltarbeid utført i to kristne kyrkjer i London. Den eine kyrkja var eit lokalt korps tilhøyrande Frelsesarmeen. Informantane kjem frå denne kyrkja. Den andre kyrkja heldt til i London sentrum og innbaud til frittståande karismatiske vekkelsesmøte. Avhandlinga er skriven som ein monografi, og følgjer enkelte medlemmar frå den lokale kyrkja i utkanten av London idet dei utforska den karismatiske spiritualiteten gjennom besøk til den sentrumsbaserte kyrkja. Avhandlinga er også skriven som ein autoetnografi, der forskarens eigne erfaringar og deltaking i miljøet får plass i teksten, for å visa framveksten av den antropologiske kunnskapen som avhandlinga presenterer. Slik sett er avhandlingsarbeidet eit forsøk på ei fenomenologisk tilnærming til den kristne trua som kroppsleggjort kunnskap, som samstundes viser framveksten av ein bestemt form for antropologisk kunnskap, der den sansbare kroppen står i sentrum for refleksjonar og analyse.

Personalia

Rita Isdal Cunningham (f. 1971) har ein cand.polit.grad (hovudfag) i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen (UiB). Doktorgradsarbeidet er gjennomført ved Institutt for sosialantropologi ved UiB, under veiledning av Professor John Chr. Knudsen.