Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Realitet og proforma – Eit bidrag til læra om grensa mellom livs- og dødsdisposisjonar

Camilla Haukeland Olsen disputerer 9.12.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Realitet og proforma".

Hovedinnhold

For ein komande arvelatar kan det på eit eller anna tidspunkt i livet bli aktuelt å tenke på kva som skal skje med det ein kjem til å etterlate seg. Ein arvelatar kan ha forskjellige tankar om korleis arven etter hen skal fordelast. Kanskje ein ynskjer ei rettvis fordeling til barna, kanskje ein ynskjer å tilgodesjå ein ny samlivspartnar eller kanskje ein ynskjer å gje alt ein eig til ein organisasjon.

For gåver og avtaler som inngåast i levande live, står ein som hovudregel fritt til å råde på kva måte ein vil over det ein eig. Men dersom ein disposisjon går ut på å råde over det ein let etter seg når ein døyr, typisk ved eit testament, står ein ikkje like fritt. For at testamentariske disposisjonar skal vere gyldige, må dei overhalde krava i arvelova. Dette gjeld mellom anna formkrav og livsarvingars rett på pliktdelsarv, jf. arvelova § 50.

Fordi det er ulike reglar som gjeld for gåver og avtaler gitt i live (livsdisposisjonar) og testamentariske disposisjonar (dødsdisposisjonar) oppstår det stundom behov for å ta stilling til spørsmålet om ein disposisjon er ein livsdisposisjon eller ein dødsdisposisjon.

Hovudproblemstillinga i avhandlinga er korleis ein går fram for å ta stilling til om ein disposisjon skal klassifiserast som ein livs- eller dødsdisposisjon. Dette forsøkast besvart gjennom analyser av mellom anna høgsterettspraksis. Det er eit mål med avhandlinga å bidra til auka forståing for korleis ein resonnerer i saker der spørsmålet er ein om disposisjon er ein livs- eller dødsdisposisjon.

Eit hovudfunn i avhandlinga er at spørsmålet om grensa mellom livs- og dødsdisposisjonar kan minne om spørsmålet om ein avtale er proforma, slik vi møter i avtaleretten og beslagsretten. Det påvisast at proformasynspunkt kan gjere det tydlegare kva grensa er: Ein disposisjon kan ikkje berre vere formelt gjort, den må også ha eit reelt innhald i arvelatars levetid.

Personalia

Camilla Haukeland Olsen (f. 1987) har master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen (2012). Haukeland Olsen har tidlegare vore universitetslektor, før ho i januar 2013 vart tilsett som stipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Frå hausten 2021 har ho vore tilsett som juridisk rådgjevar i Barneverntenesta i Bergenhus og Årstad.