Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Immunologiske mekanismar ved autoimmun Addisons sjukdom

Alexander Hellesen disputerer 04.03.16 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: "Immuno-endocrine interactions in autoimmune Addison's disease".

Hovedinnhold

Pasientar med autoimmun Addisons sjukdom (AS) manglar evna til å produsere livsviktige hormon som kortisol og aldosteron. Dette skuldast ein betennelsesreaksjon der immunforsvaret går til selektivt angrep på og tek livet av dei hormonproduserande cellene i binyrebarken. Det er ikkje kjend kva som set i gong og driv denne destruktive prosessen, men truleg beror utviklinga av AS seg på eit samspel mellom immunforsvaret, binyrebarken og ukjende miljøfaktorar. Målet med doktorgraden har difor vert å avdekke mekanismar som kan vere aktive under utvikling av AS.

T-celler frå immunforsvaret som reagerer på proteinet 21-hydroksylase (21OH) i binyrebarken er truleg sentrale i utslettinga av dei hormonproduserande cellene ved AS. Ved hjelp av immunologiske teknikkar har Hellesen vist at pasientar med AS har høgare forekomst av T celler i blodet som gjenkjenn ein spesifikk del av 21OH enn friske individ. Hos pasientane viste T cellene seg samtidig å reagere sterkare på 21OH, blant anna ved å skilje ut stoff som forsterkar betennelsesreaksjonar. Dette underbygger teorien om at desse 21OH-reaktive T cellene er skadelege og involvert i sjukdomsutviklinga.

Hellesen har vidare i sitt arbeid vist at binyrebarkceller har evne til å gjenkjenne strukturar som er assosiert med ei rekke virus og responderer på desse med å skilje ut signalstoff som tilkallar seg immunforsvaret. Dei aktuelle signalstoffa viste seg samtidig å vere forhøga i blodet hos pasientar med AS, og var i stand til å tiltrekke seg 21OH-reaktive T celler fra immunforsvaret. Funna tyder såleis på at cellene i binyrebarken kan spele ei aktiv rolle i sin eigen undergang i AS ved å rekruttere skadelege celler. Studien viser òg at eksponering av binyrebarkceller for virusstrukturar og såkalla interferoner, som er ein naturleg del av immunforsvaret mot virus og bakteriar, i tillegg vil kunne gjere binyrebarken ekstra sårbar for eit angrep fra immunforsvaret.

Personalia

Alexander Hellesen (f. 1987) er fødd og oppvaksen i Florø. Han har ei bachelorgrad i molekylærbiologi (2008) og mastergrad i medisinsk cellebiologi (2010) frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet har blitt utført ved Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, i perioden 2012-2015 med finansiering frå Det regionale samarbeidsorganet Helse-Vest. Hovudrettleiar har vore Dr. Eirik Bratland med professor. Eystein S. Husebye som birettleiar.