Hjem
Amy van den Hoovens bilde
Foto:
Silje Katrine Robinson

Amy van den Hooven

Gjesteforsker
  • E-postamy.hooven@uib.no
  • Besøksadresse
    Møllendalsveien 61
    5009 Bergen
  • Postadresse
    Postboks 7800
    5020 Bergen

Amy er ein tverrfagleg designar. Ho freistar å ta i bruk ei samarbeidsorientert designtilnærming i møte med samansette problemstillingar tilknytt helse og velvære. Amy har bakgrunn frå miljødesign ved University of British Columbia i Vancouver, Canada. Etter dette fullførte ho ein mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB.

I 2020 starta ho Open Pain Lab, som har som føremål å designe metodar og objekt som kan bidra til å opne for dialog om smerte. Om Amy samarbeider for å designe noko abstrakt, som eit tilbod eller eit system, eller noko handfast som eit rom eller eit objekt, så er hennar hovudmål som designar å skape ein diskurs som kan lede til positiv endring.

For tida jobbar Amy på det tverrfaglege innovasjonsprosjektet Communicating Cognitive Decline: Language Games and Tactile Objects (CCD), finansiert av UiB idé. Ho er også med i forskargruppa til prosjektet Neuro-SysMed: Philosophy of Neurodegeneration.

Innovasjonsprosjektet Communicating Cognitive Decline: Language Games and Tactile Objects (CCD), leia av Jan Reinert Karlsen ved SVT. Amy er også ein del av forskargruppa i prosjektet Neuro-SysMed: Nevrodegenerasjonens filosofi.