Hjem
WAIT-prosjektet
Intervju

Kva skjer med dei som ventar?

Professor Christine M. Jacobsen skal leia eit tverrfagleg prosjekt som ser på kva venting betyr for irregulære migrantar i Europa.

Christine Jacobsen. WAIT
Foto/ill.:
Hilde Kristin Strand

Hovedinnhold

Kva gjer det med ein flyktning å måtte venta i årevis? Kva gjer det med eit menneske å vita at ein kan verta henta av politiet og sendt ut av landet? Korleis vert ein integrert i eit lokalsamfunn når ein sit på eit asylmottak og ventar på beskjed om ein får opphald?

Det handlar altså om å venta. Men ikkje den ventinga alle opplever i kvardagen, derimot korleis ein organiserer livet sitt når det rett og slett står på vent. Gjennom feltarbeid i Oslo, Stockholm og Marseille skal prosjektleiar Christine Jacobsen og medforskarane hennar observera ulike sider ved venting for dei irregulære migrantane.

– Me definerer irregulær migrasjon som menneske som tek seg inn i desse landa utan nødvendig autorisasjon, eller som dei som søkjer om opphald, får avslag, men likevel vert verande, seier Jacobsen.

Jacobsen er professor og senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), og skal leia prosjektet «Waiting for an uncertain future: the temporalities of irregular migration». Prosjektet er eitt av tre UiB-prosjekt, alle frå Det humanistiske fakultetet, som no får finansiering gjennom Forskingsrådet sin SAMKUL-kategori.