Hjem
Realfag – et smart sted å begynne
#RealfagUiB | Søkartal 2022

1500 vil bli realistar

1514 personar har søkt seg til dei 918 planlagte studieplassane på realfag ved Universitetet i Bergen.

Studer kjemi på UiB

Martha Tveito
Produsent:
UiB

Hovedinnhold

Det er 11 prosent færre søkarar enn i 2021, som var eit rekordår for søkarar på førsteprioritet til realfag ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Då var det 1696 som ville bli realistar i Bergen, mot 1532 i 2020, som på det tidspunktet var det høgaste talet nokonsinne. 

– I forhold til toppåret 2021 har vi nokon færre søkarar til allereie populære program som informatikk. Elles er det berre små endringar. Vi ser fram til å ønske mange nye realfagsstudentar velkomen til hausten, seier Sigrunn Eliassen, visedekan for utdanning ved fakultetet.
     
Ho legg til at fakultetet er glade for ein stor auke i søkartal til displinfag som kjemi og geovitskap.
Kjemi har 80 prosent fleire søkjarar og 45 studentar vil inn på dei 35 studieplassane. På geovitskap, retning geofysikk, er det 40 søkarar til 20 plassar, 38 prosent meir enn i 2021. 

På nasjonalt plan er det færre som vil studere i 2022 enn året før. Medan det var ein stor vekst i fjor, synk søkartala med 12 prosent på landsbasis. 

Kjemi løyser utfordringar

Martha Tveito er lektorutdanna ved UiB, med kjemi som hovudfag. Ho er ikkje overraska over at fleire vil studere kjemi. 

– Kjemien har ei viktig rolle når vi skal løyse store utfordringar verda står overfor, både i dag og i framtida. Vi skal finne løysningar på klimautfordringa, skaffe reint drikkevatn og nok mat til ein stadig aukande befolkning på jorda, og vi må forsyne verda med fornybar energi. Dette er komplekse utfordringar som krev samarbeid frå mange fagområde, og kunnskap i kjemi er ein sentral del av dette. 

Saka forset under videoen.

Knut Børve er instituttleiar på Kjemisk institutt. Han trur bortfallet av R2-kravet for kjemi har spelt ei rolle, men trur også at kjemi svarar på mange av dei utfordringane verda står ovanfor. 

– Verda skal gå frå eit fossilt grunnlag til eit fornybart grunnlag. Då er kjemi heilt naudsynt, og det har vorte meir synleg. Om du snakkar med studentane våre og dei som vil studere hjå oss vil dei gjerne verte ein del av løysinga, og dei ser at løysingane ligg i kjemien, seier Børve. 

Lærer meir om verda

– Det eg har likt med å studere kjemi er at eg har lært så mykje meir om verda rundt meg. Eg har lært korleis ting rundt meg er bygd opp og verkar saman, og eg har lært å føreseie korleis stoff vil reagere. Dersom du gir meg ei vassprøve så kan eg finne ut kva for giftige forbindelsar som finst i prøva, og kor mykje det eventuelt er snakk om. Eg kan også lage ulike stoff på eit laboratorie, for eksempel medisin. Det er ganske kult, seier Tveito. 

Samla sett er Universitetet i Bergen tilbake på nivå med talet søkarar som før pandemien tok til  i 2019. Om ein samanliknar tala frå før pandemien og søkartala no, er teknologifag dei store vinnarane. Dei siste tre åra har søkartale til teknologifaga auka med 80 prosent.

Realfaga etterspurt i arbeidslivet

Pinar Heggernes er prorektor med ansvar for utdanning og digitalisering ved UiB, og er glad for desse søkartala.

– Ser vi nærare på tala frå 2019 og fram til i dag, er det også en sterk vekst i søkjartala til realfag, informasjonsteknologi og økonomi og administrasjon. Ved Universitetet i Bergen har vi leiande forskingsmiljø innan desse faga, og dette er kompetanse som stadig vert viktigare for framtidas arbeidsliv. Det er viktig for oss å tilby utdanning som er basert på forsking i internasjonal klasse. At desse studiene vert stadig mer populære og etterspurde av arbeidslivet viser også samfunnsrelevansen av forskinga vår, seier Heggernes.