Hjem
Utdanning

Forstår meir av verda

– Du skjøner med éin gong at det du lærer er viktig, og at du får bruk for det seinare i livet.

Hovedinnhold

– Jussen er veldig allsidig, han inngår i dei fleste delane av livet og samfunnet, seier Kaja Sandvig, jusstudent på tredje året.

– Jus handlar ikkje berre om å lese lover. Ein lærer om verda rundt seg. Vi får kunnskap om mange ulike tema og fagområde, alt frå politikk og statsforvalting til heilt spesifikke problemstillingar innan for eksempel skjenking og bustadbygging, fortel ho.

– Kven hadde trudd at det var her eg skulle lære kva ein gesims på eit hus er, ler ho.

Relevant og oppklarande

– Noko av det fine med studiet er at det er så relevant. Du forstår meir av det som skjer rundt deg og det som står i avisene, seier Kaja.

Kvar veke møtest studentane i faste grupper for å diskutere ei praktisk eller teoretisk oppgåve, gjerne basert på ein dom eller noko som har skjedd i verkelegheita.

– Vi går på forelesingar og les pensum, deretter diskuterer vi, og så skriv kvar og ein av oss ei oppgåve som vi leverer inn og får kommentarar på. Vi lærer å diskutere jus og å skrive jus. Vi må tenkje sjølve og finne gode argument.

Studentane lærer om rettsreglar og normer, om etikk og verdiar, om å bruke skjønn og fornuft. Når lover og rettsreglar skal tolkast, er den juridiske metoden avgjerande. Han gir retningslinjer for korleis tolkinga skal gå føre seg, og korleis rettskjelder skal nyttast.

– Når vi diskuterer så mykje som vi gjer, og jobbar så mykje med konkrete problemstillingar, blir folk veldig engasjerte. Det er lett å bli heilt oppslukt av studiet, fortel Kaja.

Naturen utanfor døra

Kaja synest Bergen er ein god studieby. Med eit konsentrert sentrum ligg alt innanfor gangavstand. Det er lett for studentar å sosialisere her, og byen er liten nok til at ein ikkje druknar i mengda.

Sjølv er ho engasjert i Juristforeningen, ei studentforeining der alle jusstudentar kan bli medlem, og som driv med både idrett, fag og kultur.

– Men noko av det beste med Bergen er at du kan bu midt i byen, men likevel ha naturen og fjella rett utanfor døra, seier ho.

Gode utsikter for jobb

Kaja er generelt interessert i internasjonal rett, og som ferdig utdanna jurist har ho ein draum om å jobbe i utanrikstenesta. Eit utvekslingsopphald neste år for å få internasjonal erfaring er derfor svært aktuelt, kanskje i London?

– Det som er utruleg bra med jusstudiet, er at ein har så mange ulike jobbar å velje mellom etterpå. Ein kan få jobb i alle bransjar. Ein vel ikkje noko vekk ved å studere jus, konkluderer ho.