Universidad Nacional de Colombia og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (BILATERAL)
- LandColombia
- BySantafé de Bogotá
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiaren ved institutt/fakultet du studerer ved for informasjon om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er spansk. Studentar må dokumentere gode spanskkunnskapar når dei søker (B1).
Du må sjølv vurdere om du kan oppfylle språkkravet til Universidad Nacional. Dersom du ikkje kan dokumentere gode spanskunnskapar når du søker, så har det liten hensikt å søke på denne avtalen.
UiB har ikkje mulighet til å teste språknivået ditt i spansk, så dersom du vil trenge ein godkjent språktest så må du rekne med at det vil medføre kostnader for deg. Du kan ikkje rekne med at erasmus språktest (Erasmus+ Online Language Support) vil bli godkjent.
Kva emne kan eg ta
Universidad Nacional er eitt breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste større fagområde fordelt på åtte campusar. For UiB-studentar er det særleg campusane i Bogota og Medellin som er aktuelle. På Medellin campus har dei eit godt fagmiljø i historie. Studentane kan ta emne både på bachelor- og masternivå innanfor alle fagområder.
Studieavgift
Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen frå UiB betalar ikke studieavgifter.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universidad Nacional de Colombia vart grunnlagt i 1867 og er det største universitetet i landet med meir enn 44 000 studentar fordelt på 8 campusar. Det er eit offentleg universitet som vert rekna som det beste i Colombia og eitt av dei beste i Latin Amerika, kjent for høge plasseringar på fleire rankinglister innan forsking og utdanning.
Lærestaden tilbyr ei rekke studieprogram innan dei fleste fagfelt som medisin, odontologi, biologi, psykologi, juss-, samfunns- og politikkstudiar, kunst, språk og filosofi, økonomi-, ingeniør-, jordbruk- skogbruk- og veterinærstudiar. Dei er mellom anna kjent for å utdanna gode ingeniørar.
Campusen i Medellin, kalla gruveskolen på folkemunne, vart oppretta i 1936 ved at ingeniørutdanninga vart ein del av universitetet. Institutt for geografi har gjennom mange år mottatt ingeniørstudentar herfrå som har vidareutdanna seg innanfor systemdynamikk/modellbasert samfunnsplanlegging.
Hovudstaden Bogotá som ligg på 2640 moh har rundt 8,8 millionar innbyggarar. Her ligg den største og mest kjente campusen i eit historisk og verneverdig område kalla universitetsbyen. Her kan ein mellom anna ta studiar i samfunnsfag, i politikk og internasjonale relasjonar. Vel verdt å studera i ein by som Bogotá er urbanisering og byplanlegging ettersom byen i løpet av dei siste ti åra vert rekna som ein føregangsmodell for urban innovasjon.
Bustad
Universitetet har tilbod om bustad for studentar. Det finst òg eit nettverk av leigetakarar som formidlar kontakt mellom utleigar og leigetakar.
Semesterinndeling
Semester 1 går frå midten av februar til slutten av juni. Semester 2 går frå slutten av juli til slutten av november.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://unal.edu.co/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8034
- FagnavnSamfunnsfag