Hjem
Studentsider
bilateral

National Cheng Kung University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandTaiwan
  • ByTainan
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar ved Universitetet i Bergen. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelorprogrammet i kinesisk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg nokre få emne med engelsk som undervisningsspråk.

moltke.nccu.edu.tw/qrycourse/qryEngSub.jsp

Kva emne kan eg ta

Alternativ 1

Du kan ta intensivt kurs i kinesisk ved Chinese Language Centre (CLC) ved NCKU. Kinesiskkurset har uvervisning i 3 timer kva dag, totalt 15 timar i veka. Det er ikkje mogleg å kombinere dette kurset med andre emne.

For meir informasjon om det intensive kurset i kinesisk, sjå denne sida.mandarin.nccu.edu.tw/course1.php?1

Studentar som studerer ved CLC er ikkje omfatta av utvekslingsavtalen og betalar studieavgift. Studieavgifta ligg på mellom 27 500 og 33 000 taiwanske dollar (9000 - 10 500 kroner) per undervisningstermin. Lånekassa gjev støtte til å betala studieavgifta.

Alternativ 2

Det er mogleg å reise til NCKU som vanleg utvekslingsstudent og ta emne på kinesisk ved eit av fakulteta. For å ta emne som vert underviste på kinesisk, må ein ha kinesiskkunnskapar som tilsvarar HSK Level 4. Nokre fakultet kan krevje høgare nivå.

NCKU har eit avgrensa tilbod av emne som vert underviste på engelsk.

Du kan kombinere emne med kinesiskkurs.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Studentar som tek intensivt kinesiskkurs betalar studieavgift. Studieavgifta ligg på mellom 27 500 og 33 000 taiwanske dollar (9000 - 10 500 kroner) per undervisningstermin. UiB-studentar må vere ute i to undervisningsterminar.

Studentar som tek emne betalar ikkje studievagift.

Informasjon