Hjem
Studentsider
bilateral

Ewha Womans University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandSør-Korea
  • BySeoul
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle UiB-studentar, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen (diverre er den ikkje open for studentar frå Det medisinske og Det juridiske fakultet). Karakterkravet frå EWHA ligg ein stad mellom C og D, og du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon om utveksling og når det passar å reise ut.

Språk

Undervisninga er på koreansk og engelsk. Det er ikkje påkrevd å vise dokumentasjon for engelskkunnskapar.

Kva emne kan eg ta

EWHA Womans University er eit breiddeuniversitet med eit tilbod innan mange fagområde. For meir informasjon bør ein sjekke oversikta over engelskspråklege emne.

Studieavgift

UiB får eit visst antal friplassar (plassar utan skulepengar) ved EWHA kvart semester, så lenge EWHA sender studentar til UiB.

Utover dette må ein betale forsikring:
- Korean Health Insurance: om lag 50 000 KRW per månad (beløp frå 2022)
- EWHA Collective Insurance: Om lag 20 000 - 30 000 KRW per månad (beløp frå 2022), MEN her godtek dei utanlandsk forsikring der ein kan dokumentere same vilkår

Ved utveksling til Sør-Korea får ein eit ekstrastipend frå Lånekassen.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

EWHA Womans University vart grunnlagt i 1886 som den fyrste høgare utdanningsinstitusjonen for kvinner i Sør-Korea. Fortsatt er dette universitetet berre for kvinner når det gjeld ordinære studiar, men det er ope for mannlege utvekslingsstudentar. EWHA har om lag 25 000 studentar, 2 000 av deier internasjonale. Med 14 colleges og 14 graduate schools og 78 forskingsinstitutt gjer EWHA seg gjeldande innan dei fleste fagdisiplinar. Campus ligg midt i Seoul.

Seoul er hovudstaden i Sør-Korea. Byen ligg ved Hanelva og har rundt 10 millionar innbyggarar. Den er rekna som ein av verdas ti viktigaste finanshovudsete, og nokre av verdas største industriselskap, som for eksempel Samsung, LG og Hyundai-Kia, har sine hovudkontor her.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus via EWHA, eller ein kan prøve å finne noko privat. Ein kan spørje internasjonalt kontor ved EWHA om råd.

Semesterinndeling

Vårsemesteret varar frå byrjinga av mars til midten av juni og haustsemesteret frå byrjinga av september til midten av desember.

Bygningar og parkar på campus
Foto/ill.:
© EWHA Womans University

Informasjon