Hjem
Studentsider
erasmus+

RWTH Aachen University og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByAachen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogramma i geovitskap. Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag. Andre interesserte kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Ver merksam på at det krevst eit karaktersnitt på C eller betre for å bli nominerte til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus+-avtalar. Nokre universitet kan òg ha krav om høgare karaktersnitt enn dette.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar som går på bachelorprogrammet i geovitskap, anbefalast utveksling i 6. semester. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Språk

Per hausten 2014 går all undervisning ved RWTH Aachen føre seg på tysk, men essays, munnlege prøver/eksamenar og andre eksamenar kan bli gjennomførte på engelsk etter avtale. Generelt må utreisande studentar ha svært gode tyskkunnskapar. RWTH Aachen krev dokumentasjon på at søkarar har tyskkunnskapar tilsvarande minimum B1-nivå i samsvar med EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Ved RWTH Aachen er både geografi og geologi organisert under Institute of Geography, og studentar kan i hovudsak kun velje emne frå dette instituttet. Aktuelle emne er blant anna klimatologi, geomorfologi, og geostatistikk. RWTH Aachen gjer merksam på at feltkurs ofte har avgrensa kapasitet. Opptak til desse emna kan derfor ikkje garanterast.

I somme tilfelle godkjenner RWTH Aachen at studentar vel emne frå andre institutt. Godkjenning blir gitt etter individuell vurdering av den enkelte søkaren. Opptak til emne utanfor Institute of Geography kan ikkje garanterast.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule Aachen (RWTH Aachen) blei grunnlagt i 1870, og er Tysklands største tekniske høgskule, med meir enn 40 000 studentar. Fagtilbodet er særskilt stort innan ingeniørfag og teknologi. Det finst to større campusområde. Det eine ligg om lag midt i byen, medan det andre ligg i distriktet Melaten, nordvest for sentrum.

Aachen ligg i deltaten Nordrhein-Westfalen, på grensa til Belgia og Nederland, 65 kilometer vest for Köln. Byen har om lag 260 000 innbyggarar, og er kjend for kurbad og varme kjelder, domkyrkja si og ein sterk teknisk industri, som er mogleggjort blant anna av RWTH Aachen.

Bustad

RWTH Aachen har fleire eigne studentbustader på campus og i byen. Dei har òg eit eige bustadkontor for internasjonale studentar. Pågangen er stor, difor kan dei ikkje garantere at alle får tilbod om bustad.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule Aachen/Peter Winandy

Informasjon