Hjem
Studentsider
nordplus

Yrkeshögskolan Novia og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - NordPuls)

  • LandFinland
  • ByVasa
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Novia UAS har kring 4 500 studentar og har campusar i Vaasa, Turku, Raasepori og Pietarsaari. Lærestaden har til saman 4000 studentar og 300 tilsette, og er den største svenskspråklege høgskulen i Finland. Moderne utdanningar av høg kvalitet gir studentane ei god plattform for framtidig karriere.

Vasa har ca. 67.000 innbyggarar og er ein tospråkleg kommune med finsk som majoritetspråk og svensk som minoritetspråk. Byen blei grunnlagt i 1606, og under borgekrigen i 1918 var Vasa hovudstad i Finland.

Bustad

Student Housing Foundation, VOAS, tilbyr studentbustadar.

Semesterinndeling

august - desember

januar - mai

Informasjon