Hjem
Studentsider
erasmus+

Hochschule für Grafik und Buchkunst Leipzig og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByLeipzig
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hochschule für Grafik und Buchkunst Leipzig, også kalla Academy of Fine Arts Leipzig eller HGB, er eit autonomt kunstakademi. HGB er eit av dei eldste og mest prestisjefylte kunsthøgskulane i Europa. Akademiet har gitt utdanning innan kunst og design på høgaste nivå i meir enn 250 år. Skulen tilbyr fire gradsprogram: bokdesign/grafisk design, fotografi, maleri/trykking og mediekunst. Studentane sine arbeid blir presentert for publikum i utstillingar, arrangement og publikasjonar, enten på akademiets eige galleri eller ved ein av akademiets mange nasjonale og internasjonale partnarinstitusjonar.

Leipzig er ein tidlegare industri- og handelstad med rundt ein halv million innbyggarar. Byen ligg i delstaten Sachsen, aust for Berlin. Etter at kolindustrien blei nedlagd, har det blitt etablert store grøntareal og parkar rundt om i byen. Du får kjøpt rimeleg semesterbillett til kollektivtrafikken, som stort sett går på skinner i Leipzig.

Informasjon