Hjem
Studentsider
erasmus+uk

Manchester Metropolitan University og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+UK)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByManchester
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+uk
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Sjå lærestaden sine heimesider for meir informasjon.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser på Erasmus-avtalar til Storbritannia får ikkje Erasmus-stipend på grunn av Brexit (Storbritannia er ikkje lenger med som programland i Erasmus-programmet), men treng ikkje betale studieavgift ved vertsuniversitetet. Alle utvekslingsstudentar skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Manchester Metropolitan University (MMU) er eit av dei største universiteta i Storbritannia, med om lag 34 500 studentar. Det har røter tilbake til starten av 1800-talet, men fekk først universitetsstatus i 1992. Universitetet har åtte fakultet, irekna Manchester School of Art og åtte forskingsinstitutt. Størsteparten av universitetet ligg fordelt på fem campusar i Manchester by, medan to ligg i grevskapet Cheshire.

Manchester ligg nordvest i England og har over ein halv million innbyggarar. Stor-Manchester har heile 2,5 millionar innbyggarar. Byen var ein av dei som leidde an under den industrielle revolusjonen, og er i dag blant anna kjend som ein medieby. Manchester har òg eit rikt musikkmiljø. Byen har to symfoniorkester, eit kammerorkester, og har fostra band som Joy Division, Oasis og The Smiths.

Bustad

Universitetet hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad, enten ved ein av universitetet sine studentbustader, på den private marknaden eller hos ein vertsfamilie. Nye studentar blir oppmoda om å søke bustad tidleg.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Informasjon