Hjem
Master

Medie- og interaksjonsdesign, master, 2 år

  • Lengde2 år
  • Studieplassar12
  • SpråkEngelsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Mål og innhald

Mens tradisjonelle media distribuerer informasjon og redaksjonelt innhald som gjer det mogleg for opplyste borgarar å delta i den offentlege debatt, er det i dag ein økt førespurnad etter nye tekniske løysingar, nye format for publikumsdeltaking og brukargenerert innhald. Som en konsekvens blir nye verdiar knytt til produkt, applikasjonar og system. Dei vil appellere til brukaranes kjensler og opplevingar, og kan innrettast på ei rekkje publikumsgrupper.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign handlar om å laga teknologiske løysingar for mediebruk og medieproduksjon. Med fokus på brukarsentrerte perspektiv på korleis mediebrukarar samhandlar med medieinnhald og -teknologi, og på korleis medieprodusentar samhandlar med teknologi og verkty som hjelper deira praktiske arbeid, gjev masterprogram i medie- og interaksjonsdesign studentane ei bransjenær utdanning, som gjer dei i stand til å konstruere prototypar på nye medium, og evaluere brukaropplevingane til mediebrukarar og profesjonelle, og på denne måten utvikle effektive og engasjerande løysingar, inklusiv multiplattform-løysingar, mellom brukarar og media.

Studentane vil få moglegheita til å utforske etablerte så vel som innovative medieteknologiar og sjangrar, og vil få erfaring med ulike designmetodar knytt til nye media. Masterprogrammet er ei tverrfagleg utdanning basert på human-computer interaction (HCI), brukaroppleving- og publikumsstudiar, og eksperimentell utprøving av prototypar (mediedesign). Programmet vil gje studentane praktiske, analytiske, metodologiske og teoretiske ferdigheitar innafor interaksjonsdesign for digitale media.

Masterprogram medie- og interaksjonsdesign er eit teoretisk og metodisk forankra universitetsstudium som legg vekt på problembasert læring gjennom idéworkshops, teknisk opplæring, samarbeid i grupper, sjølvstendige studiar og akademisk refleksjon knytt til eigen og andre si praksis. Ytterlegare spesialisering skjer gjennom individuelt og kollaborativt arbeid knytt til masterprosjektet. Masterprosjektet er ein prototype, innhaldsproduksjon eller brukarstudie som blir akademisk evaluert gjennom ei individuelle eller gruppebasert masteroppgåve.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Utdanninga sitt fokus på kombinasjonen mellom tradisjonelle og digitale media sikrar at du er godt førebua for ulike profesjonelle situasjonar og arbeidsoppgåver innan medie- og informasjonsbransjane, frå innhaldsproduksjon til teknisk arbeid.

Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer deg til ein profesjon som interaksjonsdesignarar eller designarar for brukaroppleving (UX), med særleg kompetanse innan media og teknologi. Du blir òg kvalifisert til jobbar innan kvalitetssikring, webdesign, front-end-utvikling, digital marknadsføring og konsulentarbeid knytt til digitale media. Ein mastergrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer òg til forsking og undervising innan digitale media, medieproduksjon, interaksjonsdesign og design for brukaroppleving (UX).

Vidare studium

Programmet kvalifiserer til PhD-studiar innan medieproduksjon, interaksjonsdesign, medievitskap, informasjonsvitskap og andre relaterte felt.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap innan interaksjonsdesign og spesialisert innsikt innan interaksjonsdesign for mediefeltet.
  • har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan interaksjonsdesign, med særleg forkus på mediefeltet.
  • kan analysere brukarmønster og kva mediebrukarar og praktikare treng når dei samhandlar med medieteknologi og -innhald.
  • kan analysere praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til media og medieteknologiens rolle i samfunnet.
  • ha spesialisert kunnskap innan eit særleg område, som til dømes programmering, evaluering, interaksjonsdesign, eller innhaldsdesign.
  • kan utvikle programvare for interaktive medieløysningar.

Dugleikar

Kandidaten

  • kan skape og produsere ulike typar medieinnhald på ein sjølvstendig måte.
  • kan i tråd med teori og praksis i interaksjondesign utføre brukarstudiar for å evaluere interaksjonsløysingar for media på ein sjølvstendig måte.
  • kan utvikle løysingar i tråd med teori og praksis frå informasjonsvitskap på ein sjølvstendig måte.
  • kan analysere og kritisk vurdere korleis interaksjonsdesign virkar inn på brukarane si oppleving av media, og på bakgrunn av dette formulere faglege resonnement.
  • kan analysere og evaluere etiske og juridiske aspekt knytt til interaksjonsdesign for media.
  • kan planleggje og gjennomføre sjølvstendige eller teambaserte prosjekt knytt til prototypeutvikling for nytt medieinnhald og nye interaksjonsløysingar i media under rettleiing i tråd med teori og praksis frå interaksjonsdesign.
  • kan kritisk reflektere over eigen designpraksis og foreslå alternative tilnærmingar, og kritisk vurdere eiget og andre sitt arbeid innan HCI, interaksjonsdesign og mediedesign.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kritisk analysere interaksjon, medieteknologi og ulike typar medieinnhald.
  • kan utføre uavhengig arbeid og samarbeide i team med oppgåver knytt til utvikling og utføring av prosjekt innan medieproduksjon.
  • raskt omstille seg til nye utfordringar og tileigne seg ny profesjonell kunnskap, og nytte denne kunnskapen i uavhengig og kreativt arbeid knytt til design av brukaroppleving for media.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar innan interaksjonsdesign.

Oppbygging

Oppbygging av studiet

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign er totalt 120 studiepoeng og er sett saman av to delar: ein kursdel og ei masteroppgåve.

I første semester tar studentane MIX301 Medieteknologi: teori og utvikling som utfordrar dei i kritisk tenking knytt til eit sjølvstendig utviklingsprosjekt. Studentane følgjer òg INFO361 Forskingstema i menneske-maskin-interaksjon saman med masterprogrammet i informasjonsvitskap, eit emne som gir konkret teoretisk og praktisk erfaring med avanserte perspektiv frå interaksjonsdesignsfeltet.

I andre semester tar studentane MIX302 Prosjektutvikling og feltarbeid som gjer deg stand til å planleggje og gjennomføre eit spesifikt masterprosjekt knytt til mediedesign og medieretta interaksjonsdesign, enten åleine eller saman med andre. Emnet gir òg praktisk erfaring med etnografisk orienterte feltstudiar knytt til studiar av samarbeid.

I tredje og fjerde semester arbeider du med masterprosjektet, som kombinerer eit praktisk arbeid med vitskapleg rigiditet og refleksjon. Det praktiske arbeidet kan være ein prototype på ein praktisk applikasjon, men kan òg vere ei evaluering av eit interaktivt medium eller ein produksjonsstudie.

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MIX301Medieteknologi: teori og utvikling151
INFO361Forskingstema i menneske-maskin interaksjon (HCI)151
MIX302Forskingsdesign og feltstudiar302
Oppgåvedelen (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
MIX350Masteroppgåve i medie- og interaksjonsdesign603–4
Rettleiingsavtale
Rettleiingsavtale skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
Veiledningsavtale skal inngås innen 2. semester
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

For å kvalifisere til opptak til masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign, må søkjarar ha ein bachelor eller tilsvarande grad (til dømes cand.mag.) innan medier, design, IKT eller liknande fagfelt. Søkjarar med andre utdanningar innan samfunnsfag/humaniora kan kvalifisere etter faglig vurdering. Opptakskommisjonen gjør ein heilskapleg vurdering av fagbakgrunnen til kvar søkjar.

Søkjarar må ha minimum C som gjennomsnittskarakter i dei emna som utgjer grunnlaget for å bli vurdert til opptak. Ved utrekning av karaktergrunnlag for opptak, vel opptakskommisjonen ut minimum 80 studiepoeng av dei mest fagleg relevante emna.

Alle søkjarar må dokumentere engelskkrava for opptak til engelskspråklege masterprogram.

Søkjarar med utdanning frå UiB

Følgande bachelorgrader frå UiB kvalifiserer til opptak på masterprogram i medie- og interaksjonsdesign:

  • Bachelorgrad i nye medier eller medie- og interaksjonsdesign
  • Bachelorgrad i informasjonsvitskap (dersom du har INFO262)
  • Bachelorgrad i digital kultur, medievitskap, TV-produksjon eller journalistikk (dersom du har INFO132, INFO134 og INFO262)
  • Bachelorgrad i kognitiv vitskap (dersom du har INFO262 og INFO233/INFO134).
  • Bachelorgrad i informatikk eller IKT (dersom du har tatt INFO262 og minimum 20 valfrie studiepoeng innan relevante samfunns- og humanvitskaplege fag, som for eksempel mediefag).
  • Annan grad innan samfunnsfag/humaniora frå UiB, kan denne graden kvalifisere til opptak dersom den er supplert med INFO132, INFO134 og INFO262.

Emna som er lista opp kan erstattast av emne med tilsvarande faginnhald.

Søkjarar med ekstern utdanning

Dersom du søkjer med ein ekstern bachelorgrad innan media, design, IKT eller liknande fagfelt, enten frå utlandet eller ein annan utdanningsinstitusjon i Noreg, må du leggje ved emnebeskrivingar av emna i graden din. Utan emnebeskrivingar kan ikkje opptakskommisjonen vurdere graden din.

Har du ein grad innan samfunnsfag/humaniora, kan denne graden kvalifisere til opptak dersom den er supplert med emne tilsvarande minimum 20 studiepoeng innan programmering (for eksempel INFO132 og INFO134, eller tilsvarande) og minimum 10 studiepoeng innan interaksjonsdesign (for eksempel INFO262 eller tilsvarande).

Spørsmål eller behov for rettleiing for å kvalifisera til opptak?

Kontakt studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no.

Søknadsprosedyre

Søknad om opptak til master i Søknadsweb. Søknadsfristen er 15. april. Sjå informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på Det samfunnsvitskaplege fakultet sine nettsider.

illustrasjonsbilde