Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
SØK STØTTE

Søk om formidlingsstøtte

Polyfon deler ut støtte til arrangement og formidlingsprosjekt etter søknad. Søknadsfristar: 1. februar, 1. juni og 1. oktober kl. 13.00. Dersom desse faste fristane fell på ein helgedag eller annan fridag, vert fristen utsett til kl. 13.00 første kvardag etter dette. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

tekstur
Alle deltakarane i klynga er velkomne til å sende inn søknad om støtte til arrangement og formidlingsprosjekt knytt til Polyfon-samarbeidet. Tildeling tre gongar pr år.
Foto/ill.:
Eugene Goloveso

Hovedinnhold

Informasjon om ordninga

Søknader sendast gjennom eit eige skjema, sjå nedanfor. Søknader vert vurderte av sekretariatet.

Generelle retningslinjer

  • Alle aktørar i klynga har høve til å søkje om støtte
  • Ved vurdering av søknader, vil kvalitet vere eit hovudkriterium, samstundes som der også vil verte gjort ei heilskapleg vurdering med tanke på utviklingsbehova i kunnskapsklynga
  • Det kan søkjast om støtte til arrangement (t.d. utgifter til honorar, reiseutgifter, husleige, servering) og til formidlingsprosjekt, som t.d. film og brosjyre
  • Søknader skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt. Dette vert likevel forstått vidt, og vil t.d. kunne inkludere tema som praksisrelatert fagkritikk og/eller utvikling av føresetnader for praksisrelevant forsking 
  • Prosjekt som inkluderer a) samarbeid mellom fleire deltakarar i klynga, og/eller b) samarbeid med brukarar, vil verte vurderte som særleg interessante

Når det gjeld samarbeid med brukarrepresentantar eller andre med erfaringskompetanse, gir Polyfon sin rettleiar for brukarmedverknad informasjon om gode praksisar for brukarmedverknad.

Krav til søknader og rapportering

Søknader sendast gjennom skjema, der du må informere om:  

  • Ansvarleg klyngedeltakar(ar)
  • Personalia til kontaktperson (namn, tlf. og e-postadresse)
  • Tittel på formidlingsprosjekt / arrangement
  • Målgruppe
  • Kort beskriving av korleis arrangementet/filmen/brosjyren dekkjer behov i eit praksisfelt, og evt. korleis det kan fremme samarbeid
  • Budsjett

Innan ein månad etter arrangementet/produksjonen må søkjar/kontaktpersonen sende inn ein kort oversikt over kva midlane vart brukt til.

Økonomi, forankring og formidling

Det vert kvart år sett av ca kr. 100.000 til arrangement- og formidlingsstøtte. Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 2.000,- og oppover til kr. 15.000,-, unntaksvis til ein høgare sum.  

Merk:

  • Søknader skal vere godkjende og underteikna av leiinga hjå aktuell klyngedeltakar. Ei slik godkjenning skal dokumenterast ved at ein i det digitale søknadsskjemaet lastar opp ein e-post der leiinga eksplisitt stadfestar at den konkrete søknaden er godkjent.
  • Som hovudregel vert det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om. 
  • Ved tilslag, vert støtte utbetalt til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.