Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
8. og 9. november: GRATIS MUSIKKFESTIVAL I BERGEN

Polyfon-festivalen 2023: Polyfon-konsert og Musikkterapifest

I samarbeid med Gjenklang, Norsk foreining for musikkterapi og forskingssenteret GAMUT kan Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi tilby rike mogelegheiter for å oppleve musikk både kvelden før og kvelden etter Polyfon-konferansen 9. november.

Framføring
Polyfon-konsert 8. november og Musikkterapifest 9. november. Mykje fin musikk og sjå fram til! Her ser vi Morten Sommerbakk i sving under Polyfon-konferansen 2022.
Foto/ill.:
Jonas Johannessen Eian

Hovedinnhold

Musikk er ein integrert del av Polyfon-konferansen, sjølvsagt. I løpet av ein tettpakka konferansedag er det likevel avgrensa rom for dette. Vi tykkjer difor at det er viktig at det i samband med konferansen er musikkarenaer der du kan lytte til variert musikk, møte vener, snakke med andre med interesse for musikkterapi og rett og slett ha det litt kjekt.

Det er ein tradisjon for Polyfon-konsertar i samband med konferansen. Gjennom samarbeid med Gjenklang, Norsk foreining for musikkterapi og GAMUT kan vi i år trå til litt ekstra og tilby ein liten «minifestival», med konsert både kvelden før konferansen og kvelden etter. Begge konsertar er på Statsraaden på Bryggen i Bergen sentrum. Begge konsertar er etablerte som arrangement på Facebook, så følg med der og bli med på konsert!

8. november: Polyfon-konsert på Statsraaden

Polyfon-konsert i samarbeid med Gjenklang, ei foreining som legg stor vekt på brukarinvolvering og er tufta på verdiar som likeverd og rettferd. Gratis konsert. Alle er velkomne!

2000: Dørene opner

Foreininga Gjenklang arbeider for sosial deltaking, nettverksbygging og bruk av musikk som kvardagsressurs. Gjenklang byggjer kulturtilbod med trygge rammer for artistar og andre med tilknyting til musikkterapi.

Vi kjem tilbake med nærare informasjon om tidspunkt og program. Det vi kan love er at det blir spennande, levande, engasjert og variert. På tidlegare Polyfon-konsertar har det m.a. vore artistar frå artistar frå Betanien DPS, Bjørgvin DPS, Kronstad DPS, Helse Bergens Avdeling for rusmedisin, ROP-eininga, Bergen fengsel, MO-senteret Eidsvåg, MO-senteret Wergeland, Kirkens Bymisjon, Aktivitetssenteret Psykisk helse Bergen sentrum, Aktivitetssenteret Psykisk helse Bergen Sør, MOT82, Frelsesarmeen og Huset. Dette blir ein konsert du ikkje bør gå glipp av!

Sjekk arrangementssida på Facebook og gjer deg klar til konsert!

9. november: Musikkterapifest på Statsraaden

Fylkeslaget av Norsk foreining for musikkterapi arrangerer fest for musikkterapimiljøet. Vener, samarbeidspartnarar og Polyfon-konferansens deltakarar er også inviterte. Gratis inngang. Det blir jam i løpet av kvelden (så ta gjerne med instrument!).

1900: Dørene opner
1930: Marm
2015: Sinkh
2045: Discoterapi
2200: Åpen mic

Kven speler i banda Marm og Sinkh? Kva er discoterapi? Sjekk arrangementssida på Facebook og gjer deg klar til fest!