Hjem
Realfag – et smart sted å begynne
#Realjul

Plast eller ekte juletre – kva er mest berekraftig?

Skal du kjøpe juletre? Vi har spurt ein plantebiolog, ein kjemikar og ein realfagslærar om det er plast eller ekte juletre du bør gå for.

Juletre
PLAST ELLER EKTE JULETRE: Kva er det mest bærekraftige alternativet? Juletre frå skogen eller juletre laga av plast?
Foto/ill.:
PS Imaging, Stocksnap

Hovedinnhold

Juletre er ein tradisjon i Norge. Dei aller fleste treng eit tre å ha lys og pynt på og pakkar under for at det skal verte skikkeleg jul i stova. Nokre kjøper juletreet, andre høgg eit sjølv, medan andre igjen går for plast når julestemningen skal sikrast.

Men kva er det mest berekraftige alternativet? Eit plast-tre kan jo brukast på nytt og på nytt, medan det vanlige juletreet jo må gå på bålet eller på dynga etter nokre knappe veker som pynt i huset.

For å få svar på dette ein gong for alle har me snakka med tre realistar som kan dette med tre.

Plasttre har 40 kg karbonkostnad

Vigdis Vandvik er planteøkolog og er mellom anna oppteken av korleis menneska bruker naturen, både no og i fortida.

Vigdis Vandvik er planteøkolog
Foto/ill.:
Privat

– Kva er mest bærekraftig, organisk eller plastisk juletre? Eit plast-juletre kan ein jo bruka på nytt, år etter år?

– Et plastjuletre er jo laget av, nettopp plast, så det har høy karbonkostnad  i utgangspunktet. Et standard plasttre har et avtrykk på ca 40 kg, ifølge de kilder jeg har sjekket (Carbon Trust). Derav er ca. 2/3 selve plasten i treet, resten er produksjonskostnader.

Transport er ikke regnet med, men trærne transporteres jo som regel lange avstander.  Et levende (eller drept, da) tre har jo bundet sitt eget karbon fra lufta, så nå det kommer inn i stua di har det ikke med seg noen kostnad sånn sett.

Men hva som skjer med treet etterpå har mye å si. Det verst tenkelig er om det ender opp på søppelfyllinga - da råtner det og slipper ut opp til ca. 16 kg CO2ekvivalenter, noe som skyldes at det vil det brytes ned anaerobt og slipper ut metan i stedet for. Du trenger ikke bruke plasttreet særlig mange år for å veie opp for det.

Et tre som energigjenvinnes (altså brennes), komposteres, eller gjenbrukes på annen måte, enten hjemme hos deg selv eller i et søppelgjenvinningsanlegg vil ha et utslipp på maks ca. 4 kg Co2. Og det ekte treet har to andre viktige fordeler: det slipper ikke ut fossilt karbon, men karbon det selv relativt nettopp har bundet fra lufta. Og det gir noe mer enn julehygge: det gir også energi eller biomasse. Så ekte tre er helt klart klimavinneren. Særlig dersom det er kortreist og har lave miljøkostnader i produksjonen. Men dette lange svaret illustrerer også at selv enkle spørsmål som dette kan være vanskelige å svare på, fordi vi må vite så mye om omkringliggende faktorer.

Julepynt i juletre
Foto/ill.:
Unsplash

– Er det best å kjøpe juletre frå ein hagefarm, eller bør ein hogga sjølv?

– For det første er det jo ikke bare å gå ut og hogge, så det er sagt. Trær, og skog, er jo eiendom. Allemannsretten gir oss lov til å gå tur, overnatte, og plukke blåbær, men ikke å hogge juletrær på andres grunn. Men dersom du har tilgang på et egnet juletreland, og særlig dersom det er trær som har frødd seg selv, ikke er blitt gjødslet eller stelt, og dersom de uansett ikke kan vokse opp akkurat der, for eksempel fordi de står for tett eller men ikke skal ha skog på dette arealet, da har du jo skutt en klimagullfugl. Og dersom du hugger en fremmed art, som Sitkagran, og dermed hindrer spredning, for eksempel til en truet naturtype som kystlynghei, da har du samtidig bidratt til å redde verden…

Trim og hygge får du også. Dersom du skal kjøpe er det bedre med lokalt enn langtransportert, og bedre med økologisk enn med konvensjonelt dyrka. Og det er bedre med et lite tre enn et stort! Å pynte et tre i ei potte, inne eller på verandaen, er jo et varigere grønt alternativ, for dem som ønsker det.

– Det er rundt 25.000 insekt, midd og edderkopper inni det organiske juletreet, kva tenkjer du om det?

– Er det ikke fantastisk? Dette sier noe om hvor utrolig mye liv det er ute i naturen, som vi ikke ser! Massevis av arter som lever livene sine spiser hverandre, og holder hjulene i gang med fotosyntese, nedbryting, gjenvinning av energi, vann og næring i naturens kretsløp, og alt det andre vi trenger at naturen driver med.

– Kva er ditt beste tips for ei berekraftig jul?

– Sats på samvær og hygge heller enn alt for mange ting. Vi skal gi og få gaver med god samvittighet - julegaver er et viktig rituale i vår kultur, det er en måte å vise at vi bryr oss om hverandre og er viktige for hverandre. Og gaver kan jo også være bærekraftige - vi kan gi ting som varer, ting mottageren faktisk trenger, eller det kan være mat, drikke, noe selvlaget, eller gode opplevelser. 

Og kos dere med julematen - men ikke lag mer enn dere klarer å spise opp! Å kaste mat er nemlig ikke særlig miljøvennlig.

Vanlig juletre tar areal

Martha Tveito er realfagslektor, med kjemi og biologi som hovudfag. No studerer ho programmering før ho skal bli lærar.

Portrett av Martha Tveito
Foto/ill.:
Privat

– Kva er mest berekraftig, organisk eller plastisk juletre?

– For å svare på dette er det fleire ting vi må ta i betraktning, både produksjon, bruk og avfallshandtering. Det er positive og negative sider med både organiske juletre og plastjuletre. 

Organiske juletre stammar ofte frå plantasjar av gran. Plantasjar krev areal, og representerer ofte ein monokultur. Det betyr at det berre blir dyrka éin planteart på området, og at andre planteartar blir fjerna. Å legge beslag på store areal og å redusere det biologiske mangfaldet går i mot prinsipp for berekraft. 

På den andre sida er det også fordelar med produksjon av gran. Når plantar veks driv dei fotosyntese, som inneber at dei tar opp karbondioksid frå atmosfæren. I dag har vi store utfordringar knytt til auka konsentrasjonar av karbondioksid i atmosfæren, som storskala produksjon av gran kan bidra til å redusere. 

Plastjuletre blir som kjent ikkje dyrka i plantasjar, men produsert industrielt. I dag blir praktisk talt all plast produsert frå petrokjemiske utgangsstoff, altså petroleumsbaserte stoff. Produksjonen krev også store mengder energi, og då er spørsmålet om denne energien stammar frå fornybare eller ikkje-fornybare energikjelder. Dersom det siste er tilfellet, bidreg produksjon av plast-juletre til å auke konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren.  

Når det er sagt kan plastjuletre brukast år etter år. Det kan ikkje organiske juletre. Men organiske juletre kan enkelt brytast ned i naturen. Nedbrytarar som bakteriar, sopp og andre mikroorganismar gjer om juletreet til små forbindelsar som dannar utgangspunktet for nytt liv. Kva skjer med juletreet av plast? Forhåpentlegvis blir plasten resirkulert. Dersom plastjuletreet går i rest-avfallet og endar på ei søppelfylling er ikkje det særleg berekraftig. Eg vil også spørje om vi nøyer oss med eitt plastjuletre i løpet av livet, eller om vi kjøper nytt når årets modell ser mykje finare ut enn det vi har frå før?

Dersom vi berre snakkar om karbondioksid, er organiske juletre betrakteleg meir berekraftige enn plastjuletre. Men produksjon av organiske juletre legg beslag på store areal, som potensielt kunne vore urørt, eller brukt til noko anna. 

Sjølv ville eg heller hatt ei jul utan juletre, enn ei jul med plastjuletre. Andre er allergiske, og må ha plastjuletre dersom dei skal ha juletre. Kanskje er det bra at vi ikkje blir einige om kva som er best? Arealinngrepa frå plantasjane blir litt mindre fordi nokre kjøper plastjuletre, og utsleppa av karbondioksid frå industriell produksjon av plastjuletre blir litt mindre fordi andre kjøper organiske juletre. 

Tre
Foto/ill.:
Unsplash

– Det er rundt 25.000 insekt, midd og edderkoppar inni det organiske juletreet, kva tenkjer du om det?

–Det er ikkje noko problem! Talet høyrast kanskje avskrekkande ut, men eg har verken høyrt eller lest at nokon har tatt skade av det. Dersom vi hadde fått eit tal på kor mange midd og andre mikroorganismar som lever i senga vår etter eit par veker i same sengetøy, tenker eg vi hadde fått meir bakoversveis. Sanninga er at vi har store mengder mikroskopisk liv rundt oss til ei kvar tid, som er heilt ufarleg for oss.  

– Kva er ditt beste tips for ei berekraftig jul?

– Kjøp brukt eller gi opplevingar i julegåve! Det er kjekkare å gjere noko i lag, enn å få ein kaffikopp eller ein genser du aldri kjem til å bruke. Og gjer det eigentleg noko at nokon andre har lest den boka før deg? 

25.000 individ i juletreet

Oscar dos Santos Kvalsvik studerer kjemi på Universitetet i Bergen.

Portrett Oscar dos Santos Kvalsvik
Foto/ill.:
Privat

Kva er best, organisk eller plast-juletre?

– Frå eit fagleg perspektiv er eit levande tre utan tvil det beste valet. Klimaavtrykket til eitt plastikk-tre er mykje høgare enn det til eit levande tre, og medan treet er fortsatt planta nyttar treet CO2 i lufta og produserar oksygen, samstundes som den berika jorda den er planta i, dannar eit optimalt økosystem for fleire artar og unngår jorderosjon. Og personleg synest eg det luktar nydelig av eit levande tre, til tross for at forelda mine nyttar plastikk-tre.

Er det best å kjøpe juletre frå ein hagefarm, eller bør ein hogga sjølv?

Sjølv om ein kan få rike historier av å sjølv hogge ned eit tre, er det best å kjøpe eit tre frå ein farm. Dei som sel i hagefarm sørgjer for å plante att nye tre etter dei har kappa ned årets tre for julesalet. Det er ein sirkulær økonomi, der du betalar for å halde lokalbedriftene opne, og sikrar til betre luftkvalitet for deg og andre. Sjølv set eg stor pris på at ein kan handle lokalt, spesielt no.

Det er rundt 25.000 insekt, midd og edderkoppar inni det organiske juletreet, kva tenkjer du om det?

Som tidlegare sagt er treet i seg sjølv eit optimalt økosystem for fleire artar, og det er då ei sjølvfølgje at vi tek med desse inn som "ekstrabesøk" når ein skaffar seg eit levande tre. Dei gjer ikkje så mykje skade, med unntak av eit mildt ubehag om ein ser edderkoppar som kryp i sofakroken. Og på den positive sida, er det òg ein flott måte å gi elektrisk insektsdrepar som julegåve!

Juletre
Foto/ill.:
UiB

Kva er ditt beste tips for ei berekraftig jul? 

Eg er litt miljøsvin i juletidene, då det enklaste vert ofte det minst berekraftige. Mine tips er å gi ubrukte gåver ein har fått, til andre enn den som gav deg gåva! Om ein har brukte ting som er i god stand, kan ein òg gi det vidare. Miljøvenleg gåvepapir har blitt meir vanleg i det siste, og det er definitivt noko ein kan velje. Når ein vert lei av julematen, og ein har laga for mykje, så kan ein nytte maten til å lage kreative, nye matrettar. Då slepp du òg unødig matsvinn. I tider utan pandemi, kan ein òg invitere ein ekstra heim hos deg. Det er mange som sit åleine i jula, og det er koseleg å feire ein koseleg høgtid med godt lag.