Hjem

Vil 3D-printe deler av skjelettet ditt

Mirakelcellene gjev håp til stadig fleire

«Kort sagt – vil du opne brystkassa med sag og la kirurgane skjære seg fram, eller vil du ta ei sprøyte stamceller når hjartet blir gammalt og sjukt?»

Hovedinnhold

Tokyo, Japan: Forskarane frå kvar sin verdsdel diskuterer ivrig. Nordmennene og japanarane har gått ulike vegar, men har same målet – å finne ut korleis ein kan bruke pasientane sine eigne stamceller for å gro fram nye bein, kurere sjukdommar, hjelpe slagpasientar til å få hjerna i gong igjen. Kort sagt, dei vil få fram det beste i desse spesielle cellene vi alle går rundt med.

Ekspertane er samla ved den norske ambassaden i Japan. Det store møterommet er kjølig, stramt og elegant. Framme på det store lerretet –midt mellom norske og japanske flagg- visast det siste nye innan stamcelleforsking.

Nett no handlar det om korleis stamceller kan gjere slagpasientar friskare. Filmsnuttar rullar over skjermen, og viser ein kvinneleg japansk pasient i 60-åra som i utgangspunktet er svært dårleg. Kvinna klarer ikkje å bevege seg eller snakke. Så får ho tilført stamceller – via nasa. Etterkvart som vekene og månadane går med behandlinga ser vi nesten mirakuløse framsteg. Til slutt ser vi same kvinna snakke og bevege seg, det er som natt og dag.

- Er denne forskinga publisert? Det er professor ved UiB, Emmet Mc Cormack som lurer.

- Nei, ikkje endå. Vi er på det eksperimentelle stadiet, ei tidleg fase. Men vi har trua, svarar forskaren frå Japan, Dr. Masahito Kawabori frå Hokkaido universitet i Sapporo.  

Forskarane ved Universitetet i Bergen har allereie kome svært langt, og sit i det internasjonale førarsetet på sitt felt. Dei kan no 3D-printe nye kjevebein, skreddarsydde og klare til å settast inn i mennesket som manglar eit, det vere seg kreftpasientar eller trafikkoffer.

-Det er dette som er framtida, sler UiB-professor Kamal Mustafa fast.

- Såkalla regenerativ medisin, som er det vi kallar det, er svært lovande. Som forskar skal eg jo ikkje vere for optimistisk, men når vi no etterkvart får høve til å hjelpe større og større pasientgrupper så ser det jo lyst ut. Og bruken av stamceller blir stadig utvida. Vi jobbar med bein, men etterkvart som forskinga skrid framover på dette feltet blir det klart at stamceller i framtida truleg kan kurere mange sjukdommar, seier Mustafa.    

Mirakelcellene vi alle har

Det er fleire typar stamceller, celler som kan bli byggeklossar for nye kroppsdelar, som kan gå inn i kroppen og kurere sjukdom – etterkvart ser det ut til at desse cellene kan hjelpe fleire og fleire pasientgrupper.

Medical Research - BONES_V2

Produsent:
Graphicsplayer

3D-printing av bein, MS, hjartesjukdom og Alzheimers

Det er kaffipause på møtet i Tokyo, og kloke hovud samlast ute i ambassadehagen. Under denne workshopen blir det tydeleg at forskarane trur stamceller kan løyse mange og svært ulike sjukdommar i framtida. Og ein del allereie no.

Professor Kamal Mustafa ved Institutt for klinisk odontologi og forskargruppa hans er internasjonalt leiiande på sitt felt, og har fått stor tillit frå EU sitt forskingsprogram Horisont 2020 - i form av over 50 millionar kroner. Prosjektet heiter Maxibone og samarbeider med 14 forskingssenter i Europa. Dette blir eitt av dei største prosjekta av denne typen, og kan føre til at stamcellebehandling blir standard behandling for alle beinskader i kroppen, i staden for smertefulle og tidkrevande operasjonar med transplantasjon av bein.

Men manglande bein er ikkje det einaste stamceller kan brukast til. Mustafa sine japanske kollegaer snakkar varmt om stamcellebehandling for hjartesjuke og pasientar med Alzheimers og hjerneslag. Mykje forsking gjenstår før ein har funne fasiten, men ekspertane håpar og trur at store pasientgrupper i framtida kan hjelpast ved hjelp av eigne stamceller.

Med til Japan er også professor Lars Bø ved Klinisk institutt 1, han fokuserer på sjukdommen multippel sklerose, MS. Kring 11 000 nordmenn har fått diagnosen, som kan føre til balanseproblem, lammingar i armar og bein, synsforstyrringar og svimmelheit, for å nemne noko. Studien han jobbar med har til no vist at stamcellebehandling kan vere den mest effektive måten å bekjempe sjukdommen på.

-Det som har vore den store mangelen for MS-pasientar er reparasjonsbehandlinga. Vi får betre og betre førebyggande behandling, som skal stogge ny skade. Men likevel er det mange som har fått diagnosen som allereie slit med store skader. Så om vi klarer å lage ei behandling som faktisk reparerer, så vil det bety svært mykje for mange menneske med MS, seier Bø. 

Stamcellegruppe fra UiB ved ambassaden i Tokyo
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen

FV: Lars Bø, Emmet Mc Cormac og Kamal Mustafa på den norske ambassaden i Tokyo.

Japan-samarbeidet

Japan har vore langt framme når det gjeld stamcelleforsking, og i 2012 fekk Shinya Yamanaka nobelprisen i medisin for sine stamcelle-funn. I Bergen er det eit firkløver som på kvar sine felt skal utvikle stamcellebehandling – Kamal Mustafa, Emmet Mc Cormack, Lars Bø og Kjell-Morten Myhr.

Stamcelle-konsortiet frå UiB skal jobbe saman med kollegaane på andre sida av kloden framover. Japanarane og nordmennene skal utveksle dyktige folk, publisere saman i vitskaplege tidsskrift og søke om eksterne midlar saman.

- Vi har no utført ein av dei få kliniske studiane på dette med oppbygging av bein med stamceller i Europa, seier Kamal Mustafa.

- På den andre delar av forskinga så har også japanarane vore i front. Når vi sler oss saman blir vi sterkare.

UiB skal ha stamcellesamarbeid med desse institusjonane:

  • Kyoto University
  • Nagoya University
  • Hokkaido University
  • Kyoto Women University
  • University of Tokyo

Den lumske sida av stamcellene

Professor Emmet Mc Cormack jobbar også med stamceller, men frå ein annan vinkel. Han diskuterer med dei japanske forskarane korleis ein skal få kontroll på stamceller som kan skade og påføre sjukdom. Slike celler fører til dømes til leukemi, ein svært alvorleg sjukdom. Pasientar med denne diagnosen kan ofte behandlast på tradisjonell måte med medisiner, men det viser seg at leukemiske stamceller ofte blir resistente mot medisinen og gjer til at sjukdommen kjem igjen og igjen.

- Det er som å fjerne ugras, fortel Mc Cormack.

- Dersom vi ikkje fjernar røtene, så vil det berre dukke opp igjen. Vi vil no jobbe samane med dei japanske forskarane for å finne ut meir om denne typen stamceller, finne ut kva deira svake punkt er og øydelegge dei.

På skjermen i ambassaden sin møtehall ser vi ei mus som sleper seg framover, bakbeina fungerer ikkje. Men etter stamcellebehandling ser vi same musa sprette rundt, rett nok litt ustø her og der. Likevel. Det er lett å forstå kvifor forskarane vil knekke stamcelle-gåtene. Ved å forstå desse spesielle cellene kan forskarane i framtida kurere mange sjukdommar. Håpet er at samarbeidet med Japan skal føre til fortgang i dette arbeidet, til glede for mange pasientar og pasientgrupper framover.