Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Debatt

Engasjerande SKOK-debatt om kjønna populisme

Torsdag 23. februar 2017 inviterte SKOK til debatt omkring framveksten av høgrepopulisme i Europa og verda, med fokus på korleis kjønn og seksualitet blir iscenesett av høgrepopulistiske parti og rørsler.

Debattpanel
Moderatorar og panelistar debatterer framveksten av høgrepopulistiske parti og rørsler i Vesten og verda på Litteraturhuset i Bergen.
Foto/ill.:
Litteraturhuset

Hovedinnhold

I debattpanelet satt Ulf Mellström, kjønnsforskar og sosialantropolog frå Karlstads Universitet i Sverige, Elisabeth Ivarsflaten, statsvitar frå Universitetet i Bergen med høgrepopulisme i Europa som sitt forskingsfelt, og Ov Christian Norocel, statsvitar frå Helsingfors som har sett på kjønna metaforar i høgrepopulistiske rørsler i Europa.

Panelistane drøfta mellom anna kva rolle maskulinitet, og då særleg kvit, heteroseksistisk maskulinitet kjem til uttrykk gjennom høgrepopulistiske rørsler. Mellström understreka korleis høgrepopulismen sitt inntog i «makta sine korridorar» må forståas som ein motreaksjon til likestillingskampen det siste århundre, og som eit forsøk på å gjenopprette eit «klassisk patriarkat» - mot liberale, demokratiske prinsipp som likskap. Han hevda at maskulinitet, og tap av status blant mange menn, er nøkkelen for å forstå det noverande politiske landskapet.

Ivarsflaten uttrykka seg kritisk til gjeldande tesar om høgrepopulismen som ein motreaksjon frå «taparane» av globaliseringa av økonomien, og peika heller mot kjensla av at den kulturelle identiteten til Europa er truga av innvandringa frå muslimske land. Ho peika på innvandringsmotstand som eit gjennomgåande trekk ved høgrepopulistiske parti. I dette høve viste ho til eiga forsking der ho argumenterer for at kvinner i mindre grad sluttar opp om desse partia fordi kvinner i større grad enn menn forsøker å unngå å støtte politikk som vert oppfatta som fordomsfull og giftig – sjølv om studier viser at kvinner jamt over er like innvandringskritiske som menn.

Norocel på si side, argumenterte sterkt for eit interseksjonellt perspektiv, der samspelet mellom økonomiske og kulturelle forklaringar blir løfta fram. Han påpeika mellom anna korleis høgrepopulisme i stor grad handlar om ønsket om å kontrollere kvinnekroppen: til dømes i spørsmål om abort, om raseblanding, om seksualitet og om assistert befruktning. Norocel hevda at kvinnekroppen sin sentrale rolle i desse rørslene må forståas i lys av debatten om framtida til det etno-nasjonale fellesskapet. Behovet for kontroll av kvinner og seksualitet bunnar i ei frykt for at innvandring vil endre den demografiske samansetninga av nasjonen i så stor grad at den «opprinnlege» befolkninga kjem i mindretal.

Panelistane peika på somme av motsetnadene i argumentasjonen til dei høgrepopulistiske partia, mellom anna nostalgien til ei idealisert fortid, som ein samstundes ikkje tek sikte på å gjenopprette, eller argumentet om at kulturarva er trua, parallelt med fråværet av ein kulturpolitikk som tek sikte på å verne og fremje denne. Dei peika også på motsetnaden mellom den patriarkalske samfunnssordna som høgrepopulistane fremjar, og tendensane til å løfte fram kvinna si rolle i vesten som eit symbol på eit fritt og moderne Europa.

Det vart etter kvart også opna for spørsmål frå salen og frå moderatorane frå SKOK, og debatten tok opp aktuelle problemstillingar, som liberale parti sitt ansvar for framveksten av høgrepopulismen, koplinga mellom islamisme og høgrepopulisme, og utviklinga i Europa framover, med blikket retta mot vala som skal haldast i året som kjem. Her fremma også panelistane ulike syn på kva framveksten av høgrepopulismen kjem til å bety: særleg var Ivarsflaten kritisk til politiske kommentatorar som sjølvsikkert hevder at demokratiet i vesten står sterkt rusta til å takle den reaksjonære bølga. Ho understreka viktigheita av å forsvare demokratiske verdiar i tida som kjem, og var særleg kritisk til det Republikanske partiet i USA som ho hevdar ikkje har teke inn over seg alvoret i situasjonen. Norocel meinte at situasjonen i Europa skiljar seg noko frå den i USA i det det representative demokratiet me har her vil gjere det vanskeleg for høgrepopulistane å gjennomføre sin politikk sjølv om dei skulle vinne presidentvala i land som til dømes Frankrike. Han meinte at den største konsekvensen av den siste politiske utviklinga vil bli at grensene for den demokratiske debatten vert flytta mot høgre, og peika også på behovet for å engasjere seg. Mellström avrunda med sine refleksjonar om framtida: kva hender når dei som har stemt fram Trump blir stilt ovanfor konsekvensane av Trump sin politikk? Mellström hevda også at det i Europa fins eit «fordjupa demokrati» som vil gjere det vanskeleg å gjenopprette ein patriarkalsk samfunnsorden: til det er høgrepopulistane for seint ute – Europa er allereie eit multikulturelt samfunn. Men han velde likevel å understreke at det «djupe demokratiet» ikkje kan tas for gitt, og at det no er behov for å forsvare det.