Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Kjønnsstudiar og arbeidslivet

Frå Beauvoir til BUFDIR

Frå ung alder har Ina lagt merke til at gutar og jenter blir behandla og skildra forskjellig, særleg i litteraturen.

Hovedinnhold

«Kunnskapen frå kjønnsstudiar fekk eg bruk for gjennom heile studietida mi.»

 «Eg synest det var rart og interessant på same tid, og desse refleksjonane førte til ei interesse for kjønnsskilnader og likestillingsspørsmål.»

Ina har studert bachelor i kjønnsstudiar ved SKOK 2010-2013. I dag arbeidar ho som rådgjevar i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR). 

Psykologi og Hjernevask

Då Ina fyrst kom til UiB, var det for å studere årsstudium psykologi ved UiB, men ho fant fort ut at det som interesserte ho mest var sosialpsykologi og særleg kjønnsskilnader. Dette var på same tid som programmet Hjernevask med Harald Eia gjekk på NRK og Ina syntes at mykje av kjønnsforskarane sine perspektiv var interessante og verka meir fornuftige enn korleis dei var framstilt.

Då vart valet enkelt og eg søkte på bachelor i kjønnsstudiar. Det har eg aldri angra på

Ina Storkjørren Vetrhus

Kunnskapen frå bachelorgraden vart også brukt på masternivå i sosiologi. «Dei fleste av dei teoretiske perspektiva eg brukte i masteroppgåva vart eg introdusert for på kjønnsstudiar. Eg skreiv då om krisesentertilbodet for minioritetskvinner, og interseksjonalitetsperspektivet var blant anna sentralt», seier ho.

Arbeidslivsrelevans

I jobben ved Bufdir arbeider Ina med kompetanseutvikling og implementeringsarbeid knytta til krisesentertilboda og sentera mot incest og seksuelle overgrep. På spørsmål om bakgrunnen i kjønnsstudiar er relevant for arbeidet hennar svarar Ina; «mykje meir relevant enn eg nokon gong trudde!»  Eit av fagfelta til Ina er vald i nære relasjonar, og kjønn er her ein tematikk. «Det meste i samfunnet har på ein eller annan måte ein kjønnsdimensjon. Noko av det viktigaste og mest spanande eg lærte på studiet var kritisk tenking kring samfunnsstrukturar, dikotomi-tenkning og interseksjonalitet. Desse perspektiva har eg med meg når eg skal utvikle tenestetilbod tilpassa ulike grupper og kjønn.»