Hjem
Sosiologisk institutt
Nyhet

Det regionale i det internasjonale

Denne artikkelen tar for seg ungdomsgruppa som flyttar på seg i samanheng med elevutveksling på vidaregåande skule. Fokuset er retta mot jamaldergruppa og spesielt effekten av å vere saman med jamaldra frå same heimland under utanlandsopphaldet.

Mapping mobility

Jan Skrobanek har saman med Tuba Ardic og Irina Pavlova frå HVL nyleg publisert ein bokartikkel frå HORIZONT 2020 prosjektet “Mapping mobility – pathways, institutions and structural effects of youth mobility in Europe (MOVE)”, som sikter på Europeiske ungdoms mobilitet. Prosjektet har fått støtte frå European Union’s Horizon 2020 research and innovation programme under grant agreement No 649263. Bidraget retta fokuset mot jamaldergruppa og spesielt effekten av å vere saman med jamaldra frå same heimland under utanlandsopphaldet. Jamaldra frå same heimland har ei mangesidig rolle under mobilitet. Dei kan fungere som eit ankerpunkt som skapar tryggleik i vertslandet, men kan også danne ei nasjonal «kulturfelle» som held ungdommen borte frå den nye kulturen og nye relasjonar.