Hjem
Sosiologisk institutt
Ny publikasjon fra Hjellbrekke og Korsnes

Field Analysis, MCA and Class Specific Analysis: Analysing Structural Homologies Between, and Variety Within Subfields in the Norwegian Field of Power

I dette kapittelet drøftar Hjellbrekke og Korsnes korleis Bourdieu sin homologitese kan undersøkjast statistisk ved å gjere bruk av to variantar av geometrisk dataanalyse: MCA og klassespesifikk MCA (Le Roux og Rouanet 2010, Hjellbrekke 2018). Særleg utgjer klassespesifikk MCA (eller CSA) ei metodologisk nyvinning som gjer det mogleg å utforske relasjonen mellom det sosiale rommet og delfelta statistisk.

Hjellbrekke og Korsnes
Foto/ill.:
UiB

I samfunnsvitskapane er multippel korrespondanseanalyse (MCA) først og fremst kjent gjennom arbeida til Pierre Bourdieu (1930–2002). No klassiske arbeid som “L’anatomie du goût” (Bourdieu og de St. Martin 1976), “Le patronat” (Bourdieu og de St. Martin 1978), “Distinction” (Bourdieu 1984 [1979]), “Homo Academicus” (Bourdieu 1984) og “State Nobility” (1996 [1989]) kvilte alle tungt på bruken av anten enkel eller multippel korrespondanseanalyse (CA og MCA). Gjennom å analysere data om fordelingar av ulike kapitaltypar kunne feltstrukturar objektiverast og homologitesen, dvs. at sentrale felt i det moderne franske samfunnet var strukturerte etter likearta prinsipp, formulerast. Homologitesen har vore ei tilbakevendande problemstilling bade i mottakinga av, og i forsøka på å gjere bruk av Bourdieus rammeverk både i og utanfor Frankrike.   I dette kapittelet drøftar Hjellbrekke og Korsnes korleis Bourdieu sin homologitese kan undersøkjast statistisk ved å gjere bruk av to variantar av geometrisk dataanalyse: MCA og klassespesifikk MCA (Le Roux og Rouanet 2010, Hjellbrekke 2018). Særleg utgjer klassespesifikk MCA (eller CSA) ei metodologisk nyvinning som gjer det mogleg å utforske relasjonen mellom det sosiale rommet og delfelta statistisk.

 

For mer informasjon og tilganng til artikkelen, se SpringerLink.