Hjem
Arbeid med ny UiB-strategi 2023–2030
UiB 2023-2030:

– Vi har høge ambisjonar mot 2030

Arbeidsgruppa som skal jobbe med UiB sin strategi for 2023-2030 har hatt sitt første ordinære møte. Etter planen vil Universitetsstyret vedta den nye strategien tidleg i 2023.

Bilde av arbeidsgruppa
Arbeidsgruppa samla til første ordinære møte. (f.v.) Gunn Mangerud, Camilla Brautaset, Jan Erik Askildsen, Synnøve Myhre, Per Bakke, Kari Loe Hjelle, Tore Tungodden, Normann Andersen, Karl Harald Søvig, Frode Thorsen, Aksel Haukom og Pinar Heggernes.
Foto/ill.:
uib.no

Hovedinnhold

Hausten 2022 gjekk arbeidet med ny strategi for UiB inn i ein ny fase. Arbeidsgruppa, leia av prorektor Pinar Heggernes, starta sine jamlege møter.  

På agendaen står diskusjon rundt sentrale spørsmål om kva for retning UiB skal ta i løpet av den komande strategiperioden. Strategiprosessen er initiert av Universitetsstyret, som også har utnemnd arbeidsgruppa. Den består av dekanane ved alle fakultet,  museumsdirektør Kari Loe Hjelle, Peter Hatlebakk (gruppe B), Synnøve Myhre (gruppe C) og Aksel Haukom frå Studentparlamentet. 

Universitetsstyret vil i løpet av hausten jamleg ha strategisaker på bordet, fram til strategien er klar til å bli vedtatt tidleg i 2023.

Meir om viktige milepælar her. 

Samla til første møte 

– Arbeidsgruppa har fått eit viktig ansvar. Strategien som skal sette kursen for UiB dei neste sju åra. Den skal gje retning og ambisjonar for våre kollegar og studentar, og kommunisere desse tydeleg og inviterande til omverda, seier prorektor Pinar Heggernes. 

24. august var det møte i arbeidsgruppa. Her møttest arbeidsgruppa for å diskutere to sentrale punkt i strategien; UiB sin identitet og verdiar, og ambisjonane for forsking.    

– Strategien skal med stoltheit vise kven vi er, våre styrkar og vår plass i verda. Strategien blir eit viktig verdidokument, seier Heggernes.  

Inkluderande prosess 

For rektoratet er det eit klart siktemål at alle ved UiB har eit eigarskap til strategien. Difor er det lagt opp til ein inkluderande og open prosess som starta tidleg i 2022.  

I løpet av våren besøkte leiinga samtlge institutt ved UiB for å bli betre kjent med kjerneaktivitetane til einingane og lære om moglegheiter og utfordringar. Denne hausten er det avdelingane sin tur. Det har også vore allmøte for innspel til strategien, og fleire er planlagt i haust. Det neste innspelmøtet vil vere på Sydneshaugen skule 12. september, og ha Mangfald som tema.  

Arbeidsgruppa vil også ha møte med fakulteta om strategiarbeidet. I tillegg vil alle kollegaer og studentar ved UiB bli inviterte til eit informasjons- og dialogmøte i november. I desember vil strategi bli tema på UiB sin årlege leiarkonferanse. Universitetsstyret vil i løpet av hausten behandle tre løypemeldingar om strategiarbeidet. Det er også lagt opp til dialogmøte med eksterne interessentar.  

Glade for innspel Heggernes  vil gjerne oppmode alle om å bidra til strategiarbeidet gjennom å delta på dei planlagde møta eller sende sine innspel til strategi@uib.no

– Vi opplever stort engasjement i strategiprosessen og eg vil rette ei stor takk til alle som har gitt innspel. Vi ønsker brei involvering frå kollegaer og studentar, og set pris på alle innspel, seier Heggernes. 

Vil du ta del i strategiarbeidet?