Hjem

Psykologi, årsstudium

Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske. Ved å studere psykologi lærer du korleis vi menneske påverkar og relaterer oss til kvarandre.
  • Lengde1 år
  • Ordinær50,1
  • Primær46,3
  • Plassar200
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Introduksjon 

På årsstudiet lærer du om biologisk psykologi, utviklingspsykologi, kognitiv psykologi, sosialpsykologi og personlegdomspsykologi. I tillegg kan du velje eit valemne innan motivasjonspsykologi, personalpsykologi, miljøpsykologi, operativ psykologi eller søvn. 

Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd, kognisjon, affekt og samhandling. Psykologien forklarer åtferd med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Målet med Årsstudiet i psykologi er å gje ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi), i tillegg til ei innføring i psykologien sine forskingsmetodar og historie. 

I dette studiet vil du lære om korleis hjernen styrer og påverkar åtferd og korleis mennesket behandlar informasjon (som læring, hukommelse, intelligens, problemløysing). Andre sentrale tema er menneskeleg utvikling og endring gjennom livet, korleis mennesket blir påverka av andre, og kva personlegdom er.  

Kvifor årsstudium? 

Årsstudium i psykologi er eit søknadsalternativ for deg som berre har tenkt å studere fag ved UiB i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Det kan òg vere eit alternativ for deg som ønsker å studere nokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning, eller vil samle tilleggspoeng for å søke opptak til ei anna utdanning. 

Årsstudium i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og ulike delar av helsevesenet der psykologisk fagkunnskap er etterspurt. 

Årsstudiet kan inngå som førsteåret i ein bachelor i  generell psykologi  og bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi  eller som valfrie studiepoeng i ein bachelorgrad ved UiB. 

 

Oppbygging 

Årsstudiet i psykologi er eit fulltidsstudium, som startar i august.  

Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.   

Slik er studiet lagt opp:

1. semester:

PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 studiepoeng)  

 

PSYK113 Innføring i metode (5 studiepoeng)

PSYK112 Sosial- og personlighetspsykologi (10 studiepoeng)  

 

2. semester:  

PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 studiepoeng)

Valfritt emne (du kan velje blant ulike psykologiemne)(15 studiepoeng)

 

Studiekvardagen 

Årsstudiet i psykologi er bygd opp av forelesingar, seminar, gruppearbeid og oppgåveskriving. I tillegg må du rekne med å bruke tid på lesesalen med pensumlitteraturen. Arbeidsbelastinga er omtrent som i ein fulltidsjobb. 

Studiet består av 45 studiepoeng som er obligatoriske emne, og 15 studiepoeng valfrie emne.  

Som psykologistudent vil du halde til på campus i Bergen sentrum, med leseplassar på SV-biblioteket, U Pihl, og seminarrom på SV-fakultetet. 

Les meir om korleis det er å vere psykologistudent. 

 

Kva lærer du? 

Med eit årsstudium i psykologi: 

  • Har du god oversikt over teoriar og funn innan fleire av psykologifaget sine grunndisiplinar 

  • Kan du diskutere ulike perspektiv innan psykologien 

  • Har du grunnleggjande forståing for psykologifagets historiske utvikling og typiske forskingsmetodar 

 

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling på årsstudiet.