Generell psykologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær58
- Primær53,5
- Plassar60
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Bachelorprogrammet gir deg ein bakgrunn for å forstå omgrep som: kjenslemessige reaksjonar (affekt), intellektuelle prosessar (kognisjon), læring, erfaring og menneskeleg åtferd, samhandling, personlegdom, korleis vi blir påverka av biologiske prosesser, og forskingsmetode.
I studiet vil du bli kjent med dei grunnleggande hovudretningane i psykologien, som
- sosialpsykologi
- utviklingspsykologi
- personlegdomspsykologi
- kognitiv psykologi
- biologisk psykologi
Du vil lære deg å drøfte etiske problem og dilemma, og utvikle ei kritisk tilnærming til gjeldande kunnskap og praksis innanfor psykologien.
Du vil også lære:
- å forstå korleis eit psykologisk fenomen kan studerast og forklarast på fleire måtar, og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre
- å vurdere ulike forskingsmetodar for innsamling og analyse av eit datamateriale
- korleis kognitive og sosiale faktorar påverkar korleis vi tek avgjerder
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i generell psykologi har eit godt studiemiljø som du kan bli ein del av.
Studiet er bygd opp av forelesingar, seminargrupper, nettbasert undervisningsmateriell, grupper og diskusjonsforum, oppgåveskriving og ei avsluttande bacheloroppgåve. I løpet av ei typisk veke har du omlag 2-10 timar undervisning, i tillegg kjem tid på lesesalen og sjølvstudium. Du har generelt stor fridom til å planlegge kvardagen din. Men du må rekne med å bruke omtrent like mykje tid på studiet som på ein fulltidsjobb. Litteraturen og undervisninga er på norsk og engelsk. Fleire av emna har obligatoriske undervisningsaktivitetar, slik som oppgåver, presentasjonsdagar og fleirvalsprøver, som må vere godkjent før du kan ta eksamen.
Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12 er hovudbygget for Det psykologiske fakultetet. Her finn du lesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine.
Kva kan du jobbe som?
Med ein bachelorgrad i generell psykologi har du kunnskap om menneske. Relevante jobbar kan vere i både offentleg og privat sektor, for eksempel innan:
- undervisning
- saksbehandling
- konsulentarbeid
- media
- ideelle organisasjonar og anna organisasjonsarbeid
Nokre av våre tidlegare studentar jobbar for eksempel som miljøterapeut for flyktningar eller i omsorgsbustader, eller som arbeidsleiar for kommunale bustader.
Kanskje har du ei utdanning frå før, der bachelorgraden i generell psykologi passar særs godt som tillegg, for eksempel innan:
- læraryrket
- administrasjon
- leiing
Etter avslutta bachelorgrad kan du ta ein mastergrad i psykologi. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) får du undervisningskompetanse i psykologi, og kan jobbe som lektor i vidaregåande skule.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i generell psykologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Bachelorgraden består av 30 studiepoeng innføringsemne og 90 studiepoeng spesialisering i generell psykologi, i tillegg til 60 valfrie studiepoeng.
Dei valfrie studiepoenga kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan velje blant alle opne emne som blir tilbydd på UiB, sjå Emner som er åpne for alle studenter.
Det psykologiske fakultetet anbefaler likevel nokre emne og kombinasjonar fordi dei er nyttige saman med dei obligatoriske emna på programmet og kan utgjere ei ytterlegare spesialisering. Det vert anbefalt emne innanfor psykologi, helsefag, helsepsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og samfunnsvitskap.
Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emna er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.
1. semester (haust)
- Innføring i psykologi og psykologiens historie (PSYK111, 15 studiepoeng)
- Sosial og personlegdomspsykologi (PSYK112, 10 studiepoeng)
- Innføring i metode (PSYK113, 5 studiepoeng)
2. semester (vår)
- Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (PSYK114, 15 studiepoeng)
- Valfrie emne (15 studiepoeng, for eksempel psykologiemne som PSYK106, PSYK109, PSYK115, PSYK116, PSYK117, eller andre opne emne ved UiB)
3. semester (haust)
4. semester (vår)
- Metode (PSYK202, 15 studiepoeng)
- Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- Artikkellesing i generell psykologi (PSYK206, 5 studiepoeng)
5. semester (haust)
-
Utanlandsopphald eller valfrie emne (30 studiepoeng)
6. semester (vår)
- Valfrie emne (15 studiepoeng)
- Bacheloroppgåve i generell psykologi (PSYK250, 15 studiepoeng)
Utveksling
Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frå ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.
Vidare studiemoglegheiter
Bachelorgraden kvalifiserer til desse masterprogramma:
- Psykologi
- Arbeids- og organisasjonspsykologi (krev arbeids- og organisasjonspsykologi, leiingspsykologi)
- Logopedi
- Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
- Global Development Theory and Practice
- Spesialpedagogikk (tredje prioritet, sjå opptakskrav)
- Pedagogogikk (hvis du har tatt årsstudium i pedagogikk i tillegg)
- Barnevernsarbeid (krev eit års relevant yrkeserfaring, sjå opptakskrav)
- Helse og samfunn (studieretning "Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringer")
- Berekraft (studieretning "Globale utfordringar")
Spørsmål om studiet?
Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for BAPS-PSYK Bachelorprogram i generell psykologi