Barnevernsarbeid, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar25
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Denne utdanninga byggjer på bachelor i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern. Søkjarar med ein annan helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning kan i utgangspunktet også kvalifisere for opptak så lenge desse kandidatane har minimum eitt års relevant arbeidserfaring frå arbeid med utsette barn og unge.
Gjennom studiet får studentane oppdatert kunnskap om individuelle, samfunnsmessige, kulturelle og politiske forhold, korleis disse samspelar og påverkar barn og familiars livssituasjon og moglegheiter. Gjennom sjølvstendig arbeid med ei masteroppgåve dannar studiet også grunnlag for vidare forsking og arbeid på høgare nivå (*Ph.d.).
Studiet har ein ressursbasert tilnærming og vektlegg ein systemisk forståing av fagfeltet. Det er eit mål at studentane etter endt studie skal ha ferdigheiter og kunnskap som kan bidra til å forebygge utanforskap og fremme velferd, helse, medverknad og deltaking for barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
Gjennom emnet «praktisk barnevernsarbeid på system- og individnivå» skal studentane ut i praksis i barnevernsfeltet.
Meir informasjon under
Master i Barnevernsarbeid
Jobb
Med master i barnevernsarbeid kan du arbeida i barnevernsrelaterte yrke. Utdanninga rettar seg mot arbeid i ulike delar av barnevernsfeltet og arenaer som arbeider med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
Kandidatane vil tileigne seg kompetanse som vil spenne frå individretta arbeid til systemretta arbeid over fleire områder. Eksempel på individretta arbeid, kan vere arbeid innan barnevern, psykisk helse, kriminalomsorg, barnehage og skule. Eksempel på systemretta arbeid, kan vere prosjektleiing knytt til innovasjon, tenesteutvikling og førebygging i de områdane studiet fokuserer på. Utdanninga skal kvalifisera til arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar. Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
85 prosent av dei med utdanning frå Det psykologiske fakultet seier dei er i relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.
Oppbygging
Masterprogrammet i barnevernsarbeid er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august. Første semester
- BARN401 Ulike perspektiv på barn og familiar i utsette livssituasjonar (15 stp.)
- BARN402 Barnevernet avgjerdsprosessane og rettslæra sine (15 stp)
Andre semester
- HEM303 / Qualitative Methods and Research Planning eller HEM304 / Quantitative Methods and*Reaserch Planning (15 stp.)
- BARN317 Childhood and parenthood in diverse contexts (15 stp)
Tredje semester
- BARN431 Innovasjon, tiltak og prosjektplanlegging (15 stp)
- BARN432 Praktisk barnevernsarbeid på system- og individnivå (15 stp)
Fjerde semester
- BARN450 Masteroppgåve i barnevernsarbeid (30 stp)
Studiekvardag
Master i barnevernsarbeid er eit heiltidsstudium på 2 år. Utdanninga skal gje progresjon som byggjer fagleg bru mellom bachelor i sosialt arbeid, vernepleie, barnevern eller andre relevante utdanningar og master i barnevernsarbeid.
Utdanninga skal integrere teori, empiri og ferdigheitstrening. Studiet nyttar ulike undervisningsformer som førelesingar, arbeid i seminargrupper og sjølvstendig arbeid. Du har sju obligatoriske emne. Emna leiar fram til arbeidet med masteroppgåva, som du kan finne tema for i samarbeid med fagmiljøet.
Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk, men noko vil også vere på engelsk.
Kva lærer du
Med ein mastergrad i barnevern får du:
- avansert kunnskap om ulike perspektiva på barn og barns utvikling, og familiar i utsette livssituasjonar
- avansert kunnskap om kva forhold i samfunnet på systemnivå som har særleg betydning for barn og familiars velferd og kvardagsliv
- inngåande kunnskap om betydninga av kultur, migrasjon og mangfald i barnevernsfeltet
- inngåande kunnskap om sentrale rettskjelder i barnevernet og juridisk metode
- inngåande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar, vitskapsteori, og forskingsetikk med relevans for barnevernfeltet
- Inngåande kunnskap om innovasjons- og endringsarbeid på individ- og systemnivå i ein barnevernskontekst
Utveksling
Du kan ikkje reise på utveksling i dette studiet.
Korleis søkje
For å søke dette studieprogrammet må du:
- Oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB
- Meir om dei spesielle opptakskrava for dette studiet
Søknadsfristen er 15. april.