Hjem

Pedagogikk, master, 2 år

I eit samfunn som krev kontinuerleg utvikling og utdanning er pedagogisk kunnskap stadig meir relevant. Ein mastergrad i pedagogikk gir deg kunnskap om korleis menneske lærer og kommuniserer, korleis kunnskap blir utvikla og kva betydning utdanning har i og for samfunnet.
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (annankvart år: 2021, 2023, 2025 osv.)

Hovedinnhold

Poenggrense 2019 2021 2023
  3,03 3,5 3,11

Pedagogisk kunnskap og innsikt i pedagogiske prosessar blir stadig meir relevant i eit samfunn og arbeidsliv som krev kontinuerleg utvikling og utdanning innan alle sektorar og bransjar. Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike jobbar. 

På masterstudiet diskuterer vi spørsmål som:

  • Kva er kunnskap? 
  • Korleis utviklar og deler me kunnskap? 
  • Kva skal utdanning sikte mot?

Studiet gir deg høg kompetanse i kunnskapsutvikling og læringsprosessar. Du lærer om samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar, og får innsikt i korleis menneske lærer, kommuniserer og deler kunnskap.

Jobb

Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert til ei rekkje stillingar i kommune, stat, frivillige organisasjonar eller bedrifter, til dømes: 

Med ein mastergrad i pedagogikk kan du søke opptak til forskarutdanning (ph.d.).

Tidligare studentar med mastergrad i pedagogikk har til dømes jobb innanfor: 

  • Administrativt tilsett ved universitet/høgskule
  • Studie-/karriererettleiar
  • Etter- og vidareutdanning
  • Personal- og opplæringsavdeling

Meir informasjon under

Oppbygging  

Emna dei to første semestra leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Allereie i andre semester vil du få kunnskap og rettleiing som konkret hjelper deg til å utvikle masteroppgåve-prosjektet ditt.  Du kan velje blant ulike emne ettersom kva som passar interessene dine og etter kva tema du vel for masteroppgåva. 

Første semester 

  • PED311 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng) 
  • PED313 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 studiepoeng) 

Andre semester 

  • PED312 Forskingsmetode (15 studiepoeng) 
  • PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)

Tredje og fjerde semester 

  • PED395 Masteroppgåve i pedagogikk (60 studiepoeng)

Masterstudiet i pedagogikk ved UiB er det einaste masterprogrammet i pedagogikk på Vestlandet der du kan bruke eit heilt år (60 studiepoeng) på masterprosjektet ditt. Du kan enten skrive masteroppgåve i tilknyting til allereie pågåande forskingsprosjekt ved Institutt for pedagogikk, eller om eit tema du vel sjølv.  Vi har fokus på studentaktiv forsking og du vil difor uansett ha stor fridom til å utforme prosjektet som gjer at du kan gå grundig inni i tema og problemstillingar som du synes er interessante. Du får tildelt ein rettleiar som vil hjelpe deg å finne ei god innretning på oppgåva, og som hjelper deg undervegs i forskingsprosessen.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag 

Evalueringar frå tidlegare studentkull syner at vi har eit godt fagmiljø og studiemiljø. 

Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er at undervisninga er prosessorientert. Vi har derfor fokus på dialogisk undervisning og har inkorporert skriveopplæring som ein del av undervisninga. Vi legg vekt på at alle undervisings- og arbeidsformer skal vere i tråd med eksamensformene i studiet og at dei to første semestra også skal førebu studentane på skrivearbeidet i masteroppgåva.

Studiet er bygd opp av følgande element: 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • skriving av faglege tekstar (med fokus på skriveprosess og tilbakemelding)
  • sjølvstudium  
  • arbeid med masteroppgåve 

Dei to første semestra vil vi tilby førelesningar og/eller seminar 8 timar i veka. Resten av tida brukar du på sjølvstudium. Du kan òg velje å vere med i en forskargruppe.

Kva lærer eg 

Etter fullført mastergrad kan du: 

  • Nytte pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant  
  • Formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både skriftleg og munnleg
  • Formidle og analysere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar  
  • Gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer  
  • Arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

Les heile lista med læringsutbyte.

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling i dette studiet.

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her