Hjem

Informasjonsvitskap, årsstudium

Årsstudiet i informasjonsvitskap rustar deg til å forstå korleis vi kan nytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på ein god måte.
  • Lengde1 år
  • Ordinær56,8
  • Primær37,8
  • Plassar30
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Informasjonsvitskap gir deg ei grunnleggjande innføring i informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Kreativitet står sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane.

Du lærer korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kan støtte behandling av kunnskap, informasjon og data. Vi studerer IKT i høve til individ, grupper, organisasjonar og samfunn.

Etterspurnaden etter IT-kompetanse på arbeidsmarknaden er i stadig vekst. IKT er ein sentral infrastruktur og finst overalt i samfunnet i dag og IT-fag er svært attraktive på arbeidsmarknaden.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Christopher Gower / unsplash.com

Kvifor velje årsstudium?

Årsstudiet i informasjonsvitskap passer godt som supplement til tidlegare utdanning, eller for deg som ønsker å teste ut om du liker faget i eit år.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du tar 60 studiepoeng og kan søke om intern overgang til bachelorprogram i informasjonsvitskap dersom du vil studere meir.

Med utdanning i informasjonsvitskap kan du til dømes arbeide med:

  • Utvikling
  • Drift
  • Konsulentarbeid i IT-bransjen
  • Undervisning

Årsstudiet med spesialiseringsemne i informasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i vidaregåande skule i IT-fag.

Oppbygging

Årsstudium i informasjonsvitskap går over to semester og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.

Årsstudium med innføringsemne  

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i informasjonsvitskap.

1. semester

  • INFO100 Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM/EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

 2. semester

  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng)
  • INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne  

Passer for deg som har studert før, og vil bygge på tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

  • INFO100 Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)

Vel eitt emne:

  • INFO125 Datahandtering (10 studiepoeng)
  • eller INFO162 Innføring i HCI (10 studiepoeng)

2. semester

  • INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng)
  • INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)

Vel eitt emne:

  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 studiepoeng)
  • eller INFO263 Interaction Design and Prototyping (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som student på informasjonsvitskap vil du høyre til på Det samfunnsvitskaplege fakultet, der du finn lesesalplassar, datalabar og biblioteket. Mykje av undervisninga vil også gå føre seg på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus) og Ulrike Pihls hus

Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, avhengig av kva fag du vel. I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på datalab, i tillegg til forelesingar, seminargrupper, gruppearbeid og sjølvstudium.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På årsstudium i informasjonsvitskap lærer du blant anna:

  • om informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet
  • å programmere enkle og meir avanserte datamaskinprogram ved hjelp av moderne teknikkar og programmeringsspråk
  • arbeid med informasjonssystem, alene og i grupper

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her